Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Webinar nr 1 – språkforstyrringar og fleirspråklegheit ved Statped

26/10/2023, kl. 13:30 - 15:30

Gratis

På vegne av Kompetanseløftet i Sogn – ei satsing mellom Sogn regionråd (System for styrka læring), HVL og Statped er det med stor glede me kan ynskje velkommen til ei kursrekke på tre webinar hausten og vinteren 2023/24. Sjå invitasjon med informasjon og videohelsing her: Kompetanseløft Sogn – Språkforstyrringar og fleirspråklegheit – Invitasjon til webinar

 

Tema for webinara er «språkforstyrringar og fleirspråklegheit» og fagleg ansvarleg er Statped avdeling språk og tale. Kursrekka høver  for alle som jobbar med dette temaet i barnehage, grunnskule, VGS, vaksenopplæring, PPT og andre samarbeidspartar. Ein treng ikkje sjå alle tre webinar for å få utbytte, men me vil sjølvsagt anbefale det.

 

Dato for webinar:

-26.oktober 2023 kl 13.30-15.30. Innlogging frå kl 13.15 via lenkje her: https://www.youtube.com/watch?v=JCm7SYjlI1E&feature=youtu.be

-28.november 2023 kl 13.30-15.30. Innlogging frå kl 13.15 via lenkje her

-23.januar 2024 kl 13.30-15.30. Innlogging frå kl 13.15 via lenkje her

 

Tema for webinar 26.oktober:

Språkforstyrringar hjå barn og unge – korleis kjenne att og oppdage?

  • Språk vs. tale
  • Språkutvikling, milepælar
  • Språkforstyrringar – omgrepsavklaring, årsaksforhold og symptom

 

Me vil  anbefale så mange som mogeleg å sjå sendinga «live» for å kunne påverke med spørsmål og kommentarar i chatten. Men for dei som ikkje får høve til å sjå det direkte vil opptaket vere tilgjengeleg for internt bruk i einingane fram til neste webinar. Ein treng ikkje melde seg på. Lenkje til sending er: 

Webinaret startar presis kl 13.30 og varer i 1 time og 40 minuttar + at det er mogeleg å stille spørsmål i chat’en i 10 minuttar etter det. Opptak vil vere tilgjengeleg på same lenkje fram til 28.november.

 

Her finn du presentasjon og ressursar frå Statped:

 

Me håpar at dette vil føre til auka kompetanse på området språkforstyrringar og fleirspråklegheit – i tråd med ein av våre hovudsatsingar i «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis i Sogn» og «System for styrka læring» sin programplan.

 

Ta gjerne kontakt med underteikna om de har spørsmål eller kommentarar.

 

Velkommen!

 

Med helsing

 

Ingrid Steine Bortne

Programleiar barnehage- og skuleutvikling

Sogn Regionråd

Tlf 48 25 03 06

Webinar nr 1 – språkforstyrringar og fleirspråklegheit ved Statped

Detaljar:

Dato
26/10/2023
Tid:
13:30 - 15:30
Billettpris:
Gratis

Arrangør

Sogn regionråd