
Fagnettverk barnehage – kreativitet, skaparglede og entreprenørskap
25. oktober, kl. 09:00 - 14:30
300KrVelkommen til fagnettverk barnehage – kreativitet, skaparglede og entreprenørskap!
Det er den einskilde tilsette i barnehagen som melder seg på her på denne sida, etter avtale med styraren sin. Dersom du vel å delta i fagnettverket ynskjer me at du deltek på begge samlingane i løpet av året (neste samling er 19.mars 2024).
Nettverket vert arrangert på ViteMeir på Kaupanger onsdag 25.oktober kl 9.00-14.30 og det er maks 40 deltakarar som får plass i fagnettverket. Dersom talet vert høgare enn 40 etter påmeldingsfristen 9.oktober, blir det først fordelt plassar til dei som deltok i nettverket førre barnehageår. Vidare prioriterer me slik at alle barnehagar som ynskjer det blir representert med 1-2 deltakarar kvar. Du vert direkte kontakta 10.10 dersom du ikkje får plass. Me satsar på at alle får plass 🙂
Programmet kan du lese her: Program fagnettverk barnehage kreativitet, skaparglede og entreprenørskap – 25.10.2023
Mellomliggande arbeid fram til samlinga:
Kva vil eg skrive om i den regionale barnehageavisa Opp & Fram mars 2024?
Merk at sidan me legg samlinga til ViteMeir vert deltakaravgifta denne gongen 300 kr og vert fakturert eininga/ kommunen i etterkant.
Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.
Les gjerne meir om dette fagnettverket side 5 + 7-8 i «Programplan for System for styrka læring i Sogn 2022-2030» Programplan_2022_-_2030
Fagnettverksansvarleg: Askedalen barnehage AS v/Lillian Bruheim (tlf: 41 51 02 02) og Camilla Njøs, Leikanger: lillian@askedalenbarnehage.no og camilla_njos@hotmail.com
Ved spørsmål kan du kontakte Askedalen barnehage AS direkte eller programleiar Ingrid Steine Bortne, tlf 48 25 03 06, ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Velkommen!