
Fagnettverk barnehage – fysisk og psykisk helse
4. oktober, kl. 09:00 - 14:30
Velkommen til fagnettverk barnehage – fysisk og psykisk helse!
Det er den einskilde tilsette i barnehagen som melder seg på her på denne sida, etter avtale med styraren sin. Dersom du vel å delta i fagnettverket ynskjer me at du deltek på begge samlingane i løpet av året (neste samling er 27.februar 2024).
Nettverket vert arrangert i Sogndal onsdag 4.oktober kl 9.00-14.30 og det er maks 40 deltakarar som får plass i fagnettverket. Dersom talet vert høgare enn 40 etter påmeldingsfristen 29.september, blir det først fordelt plassar til dei som deltok i nettverket førre barnehageår. Vidare prioriterer me slik at alle barnehagar som ynskjer det blir representert med 1-2 deltakarar kvar. Du vert direkte kontakta 26.9 dersom du ikkje får plass. Me satsar på at alle får plass 🙂 Sjølv om programmet for haustsamlinga er nokså klart, kan du melde inn ynskjeleg tema til fagnettverket innan 25.september til post@ronesbarnehage.no
Program og lokale i Sogndal vert kunngjort seinare på denne sida med eiga lenkje.
Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.
Les gjerne meir om dette fagnettverket side 5-6 i «Programplan for System for styrka læring i Sogn 2022-2030» Programplan_2022_-_2030
Fagnettverksansvarleg: Merete Kvist Rydvang og Marit Erlandsen, Rones barnehage i Sogndal. Tlf: 922 48 442 post@ronesbarnehage.no
Ved spørsmål kan du kontakte Rones barnehage direkte eller programleiar Ingrid Steine Bortne, tlf 48 25 03 06, ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Velkommen!