21 barnehagetilsette deltok på fagnettverksamlinga for tidleg innsats og språkutvikling 14.mars i Sogndal. Dette var fjerde og siste samlinga der nettverksansvarlege Solveig og Marianne frå Hafslo barnehage hadde regien. Dei har gjort ein strålande jobb med å setje viktig tematikk på dagsorden. Tusen takk til dei for stødig leiing over to år! No håpar me at nye krefter er klare for å ta over stafettpinnen dei neste to åra.

 

Tema for samlinga denne gongen var fleirspråklege barn, eit svært aktuelt tema. Hilde Hofslundsengen frå HVL bidrog med nyare forsking rundt fleirspråklege barn og arbeid med språkmiljø i barnehagen. Lene Foss Dalaker frå Sogn PPT delte sin kunnskap om ASK knytt opp mot fleirspråklege barn. Elles vart det både quiz med flotte språkleikpremiar, fire nettverkssamlingar på 15 minutt, flott språkutstilling og mykje god diskusjon kring tematikken.

 

Her finn du presentasjonane frå dagen:

 

Fagnettverk barnehage – tidleg innsats og språkutvikling 14.mars 2024