Til saman var heile 40 deltakarar med på Logometrica sitt tiltakskurs og temakurs for LOGOS 2. og 3.oktober 2023 i Sogndal saman med kurshaldar Gudrun Tegnander.

Måndagen var det temakurs for sertifiserte deltakarar innan LOGOS, medan tysdagen bestod av tiltakskurs som var ope for alle interesserte frå skulane.

 

Tiltakskurs for alle 3.oktober:

Tiltakskurset var eit kurs for deg som ønska tips til effektive måtar å jobbe på, for å styrke lese- og skriveferdighetar hjå svake lesarar. Tiltaka passar både for barn, ungdom og unge vaksne.

 

Temakurs for sertifiserte 2.oktober:

Korleis skilje mellom dysleksi og andre lesevanskar?

Lesevanskar kjem gjerne til uttrykk i form av lesefeil, lang lesetid og/eller vanskar med leseforståinga. I Logos tillegg vi derfor tidsbruken stor vekt i tolkinga. Men korleis skilje mellom generell langsom prosessering og lesevanskar? Og kan ein i det heile teke skilje mellom dei to? Kva meinast med generelle prosesseringsvanskar og korleis identifisere det?

Med utgangspunkt i oppdatert forsking vart utfordringar og forslag til løysningar  på nokre av dei problema ein møter i samband med utgreiing og diagnostisering av dysleksi presentert.

 

Logos fangar opp ulike typar lesevanskar, men det kan vera krevjande å diskriminere mellom ulike årsaksfaktorar. Er det dysleksi, eller er leseutviklinga forseinka av andre årsaker? Mange har både dysleksi og språkvanskar, eller dysleksi og ADHD. Korleis bør ein då gå fram for å vurdere om lesevanskane er primære eller sekundære?

 

Med utgangspunkt i testresultata i Logos drøfta ein korleis ulike typar vanskar kan påverke leseferdigheitene.

 

Her finn du presentasjonar frå begge kursdagane:

 

Tusen takk til nettverksansvarlege Anne Marit Aasen og Signe Vange frå Trudvang skule og kurshaldar Gudrun Tegnander.

 

No blir det fast LOGOS-nettverk for sertifiserte frå våren 2024!

 

 

 

 

Presentasjonar frå Logos-kursa i oktober 2023