Endeleg er rådgjevarnettverket i Sogn oppe og går att etter fleire år med pause! Det er utruleg lærerikt for rådgjevarane frå grunnskule og vgs å møtats for å drøfte aktuelle saker som gjeld ungdommane og dei vala dei står ovanfor. Overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule er stor og viktig for elevane og krev godt samarbeid.

På samlinga ved Sogndal vidaregåande skule 30.november 2023 møtte 12 rådgjevarar. På programmet stod m.a

  • Integrering av nyleg ankomne minoritetsspråklege i ungdomsskule og VGS. Korleis jobbar me med dette? Korleis sikre ein god overgang frå grunnskule til GMU/kombinasjonsklasse?  Kartlegging/opplegg/behov? Omgrepsavklaring.
  • Overgangsprosedyre og tilpassa opplæring. Korleis skape ein god overgang for elevar med sterkt behov for spesialpedagogikk?
  • Sluttarar ved VGS. Statistikk og utviklingher i Sogn. Bakanforliggjande årsaker. Korleis førebyggjer me i ungdomsskulen og ved VGS?
  • Omvisning og informasjon ved m.a dyktige studentambassadørar frå Høgskulen på Vestlandet

 

Her finn du referat og presentasjonar frå samlinga:

 

Her kjem også eit godt tips frå Balestrand:

Opplæring for minoritetsspråklege elevar – Vestland fylkeskommune Denne kan oversetjast ved å klikke på det grøne feltet til høgre. Translation. Då vil de finne google oversetjar oppe til venste og finne for eksempel ukrainsk slik:Навчання для студентів мовами меншин – муніципалітет округу Вестланд (www-vestlandfylke-no.translate.goog)

 

Tusen takk til Jarle og Christian for eit flott og relevant program og god nettverksleiing.

 

Neste samling er 18.april 2024 ved Leikanger ungdomsskule.

 

 

Rådgjevarnettverk for ungdomssteget og vidaregåande skule