Endeleg fekk me arrangere musikknettverk etter fleire år med pause. Og for ein dag det vart! 13 engasjerte musikklærarar frå grunnskulen var samla på Kaupanger skule og vart losa gjennom dagen av dyktige Kari Malmanger frå Kaupanger skule og Gunn Karoline Fugle som er musikkterapeut ved Helse Førde.

 

Mål for samlinga var å bli inspirert og få matnyttig materiell som ein kan ta i bruk med ein gong. Og her kan me seie at målet vart innfridd og vel så det.

Tema for samlinga var:

  • Effektive og aktive musikktimar frå 1.-10. klasse
  • Musikk som verkty i andre fag
  • Positive effektar av musikk i skulen
  • Musikk og psykisk helse
  • Praktiske øvingar og opplegg

 

Musikkfaget er det minste faget i skulen, men måla i læreplanen er ambisiøse, så timane må vera effektive og godt planlagt. Korleis kan vi skvisa inn mest mogleg aktivitet og læring på desse få timane? I samlinga vart det påfyll av songar, musikkleikar og rytmeaktivitetar, refleksjonar rundt musikkfaget og kor viktig det er, tips til organisering av musikktimane og tid til erfaringsdeling og samtale.

 

 

Her kan du lese meir om innhaldet i samlinga:

Fagnettverk musikk 2023 Kari Malmanger

Malin (1)

NKM 260923 Døme musikktime 2A Kari Malmanger

NKM 260923 Kom gjennom saga Kari Malmanger

Tuo Ami (film)

 

 

Fagnettverk musikk 26.09.2023