22 lærarar og leiarar var samla på ViteMeir 13.september for å diskutere og lære meir om digitale utfordringar og mogelegheiter. Statped v/ Sølvi Ellefsen og Elin Brandshaug engasjerte oss i tematikken

Inkluderande bruk av digitale verktøy, universell utforming og verktøy i høve ufrivillig skulefråvær. Vidare delte Hafslo barne- og ungdomsskule sine gode erfaringar med bruken av Dragonbox i matematikkfaget for småskulesteget. Siste økta vart leia av Eva Bratvold –

«Alt» om kunstig intelligens på to timar. Eit kjempegodt program som gav oss mykje inspirasjon til arbeidet vidare.

 

Takk til nettverksansvarlege Turid og Håvard som losa oss gjennom dagen og sytte for eit godt og relevant program!

 

Her finn du presentasjonen til Statped: Statped 13.09.2023

Her finn du presentasjonen til Eva Bratvold: https://evabra.files.wordpress.com/2023/09/ki-sogn-130923.pdf og https://evabra.files.wordpress.com/2023/09/ki-praktiske-aktiviteter-sogn-130923.pdf

 

Eva Bratvold fortel engasjert om kunstig intelligens
Fagnettverksansvarlege Håvard og Turid
Demonstrasjon av Dragonbox ved Hafslo barne- og ungdomsskule
Fagnettverk pedagogisk ikt