- Denne hending er over.
Regional planleggingsdag for barnesteget
03/11/2023, kl. 08:30 - 11:00
GratisDeltakarar: Tilsette ved barneskular i Sogn, PPT og andre samarbeidspartar
Kvar: Skulane organiserer felles framsyning av digitalt føredrag i Teams og refleksjonsoppgåver i grupper lokalt som etterarbeid. Møtelenkje i Teams vert sendt til rektorane/leiarane seinast 2.november. Fint om de loggar inn om lag 10 minuttar før føredraget startar
Tidspunkt: Fredag 3.november kl 8.30- 11.00. Innlogging frå kl 8.20
Pris: Kurset vert dekka av regionale utviklingsmidlar
Program:
8.30- 11.00: Digitalt føredrag «Foreldresamarbeid og livsmeistring i barneskulen» ved Sjur Langeland
Les programmet her: Regional planleggingsdag for barnesteget 03.11.2023
Etter føredraget jobbar me med Sjur sine refleksjonsoppgåver i grupper på eigen arbeidsplass, ca. 1,5- 2 timar. Sjå lenkja over. Skuleleiinga styrer denne økta. I avslutninga av denne delen ynskjer me at deltakarane saman evaluerer dagen via QR-koden som vert tilsendt leiarane dagen før. Eitt felles svar frå kvar eining er tilstrekkeleg, frist 8.11.23. Resten av dagen kan nyttast til lokalt arbeid i eininga/kommunen.
Velkommen til digital planleggingsdag i regionen!
Med helsing
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Sogn Regionråd
Ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Tlf 48 25 03 06