Ein fin bukett med 10 deltakarar var samla til fagnettverk i lokala til Sogn PPT 28.mars. Til trass for lita gruppe vart diskusjonane mange og alle fekk delta aktivt.
Zsofia Rezi frå Årdal innleia med å fortelje om korleis dei jobbar med medverknad i Årdalstangen barnehage. Alle deltakarane delte sine erfaringar frå førre samling i november. Hadde barns medverknad vorte meir synleg i barnehagen? Ser og høyrer me det i praksis?
Hilde Alme frå Høgskulen på Vestlandet engasjerte oss med eit føredrag om medverknad i naturen. Ho utfordra oss på mogelegheiter, barnesyn og vaksenrolla. Korleis kan me overføre nokre av erfaringane frå medverknad i naturbarnehagar til vår eigen barnehage?
Presentasjonen til Hilde Alme kan du lese her: Ei naturavdeling meir enn rørsle – Hilde Alme HVL 28.03.2023
Boka om korleis skape ei slik naturavdeling, barn og personale si oppleving, tips til struktur, «bålmat» og liknande, tenkemåte, idear o.l: https://www.bokkilden.no/foerskoler-og-barnehager/barnehage-paa-naturleg-vis-hilde-alme/produkt.do?produktId=5594438
Ta kontakt direkte med Hilde Alme Hilde.Alme@hvl.no om du ynskjer å kjøpe den frå ho.
Lenkje til vitskapeleg artikkel Alme & Reime (2021): https://hvlopen.brage.unit.no/hvlopen-xmlui/bitstream/handle/11250/2826994/Alme.pdf?sequence=2&isAllowed=y
Lenkje til podcastar: Barns medverknad i natur https://share.transistor.fm/s/95c38496 og Gjerekraft for berekraft: https://share.transistor.fm/s/3affb292
Referat frå dagen og vegen vidare finn du her: Referat frå fagnettverk barnehage – Medverknad, vurdering for læring og gjenomføring 28.03.2023 Her finn du også mellomliggande arbeid til neste samling i november.
Presentasjonen til Zsofia Rezi kan du lese her: Medvirkning i hverdagen – Fagnettverk 2023 Zsofia