- Denne hending er over.
Fagnettverk matematikk for u-steg og VGS
23/11/2023, kl. 09:00 - 14:30
GratisStad: Kvåle skule, Lunnamyri 14, 6856 Sogndal. Rom: 05 som ligg rett ved sidan av personalrommet.
Tidspunkt: Torsdag 23.november 2023 kl 09.00-14.30
Lunsj: Ja, inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Program:
Du kan lese programmet som pdf-fil her: Program fagnettverk matematikk for ungdomssteget og VGS 23.11.2023
Velkommen
Tema 1: Djupnelæringsomgrepet – kva ligg i dette, og kva implikasjonar har dette for matematikkfaget? v/Odd-Eivind Holo, Kvåle skule
Spørsmål, diskusjonar og refleksjon i etterkant av forelesinga
Pause
Tema 2: Overgang u.skule- vgs
Me tek opp igjen tråden etter førre nettverksmøte om overgang ungdomsskule-vidaregåande. Tilsette ved Sogndal VGS presenterer sine tankar om kva som skal til for å gjera overgangen så god som mogleg for elevane i matematikk.
- Diskusjon og innspel frå deltakarane, sett i lys av Tema 1.
- Oppsummering: Kva kan me i ungdomsskulane ta med attende til skulane våre?
Lunsjservering kl 11.30-12.15 i HVL-kantina.
Tema 3: Praktisk-munnleg eksamen
Våren 2023 vart det for fyrste gong gjennomført praktisk-munnleg eksamen i matematikk ved norske skuler. Me deler erfaringar og stakar ut ein kurs for korleis me ynskjer at dette formatet skal sjå ut i region Sogn.
-
- Innlegg av lærarar om korleis dei gjennomførte dette
- Erfaringsdeling og diskusjonar
Avslutning
-
- Me summerer opp og ser på kva som har vore dei viktigaste tinga for dagen
- Frampeik og innspel inn mot neste fagnettverk 14.03.2024
- Evaluering av dagens fagnettverk
Ansvarleg for samlinga:
Odd-Eivind Holo, avdelingsleiar ungdomsskule, Kvåle skule Odd.Eivind.Holo@sogndal.kommune.no
Påmeldingsfrist: Måndag 20.november kl 09.00. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.
Velkommen!
Beste helsing frå
Odd-Eivind Holo
Fagnettverksansvarleg
Ingrid Steine Bortne
Programleiar System for styrka læring