
Fagnettverk barnehage – medverknad
15. november, kl. 09:00 - 14:30
Velkommen til fagnettverk barnehage – medverknad!
Det er den einskilde tilsette i barnehagen som melder seg på her på denne sida, etter avtale med styraren sin. Dersom du vel å delta i fagnettverket ynskjer me at du deltek på begge samlingane i løpet av året (neste samling er 13.februar 2024).
Nettverket vert arrangert i Sogndal onsdag 15.november kl 9.00-14.30 og det er maks 40 deltakarar som får plass i fagnettverket. Dersom talet vert høgare enn 40 etter påmeldingsfristen 30.oktober, blir det først fordelt plassar til dei som deltok i nettverket førre barnehageår. Vidare prioriterer me slik at alle barnehagar som ynskjer det blir representert med 1-2 deltakarar kvar. Du vert direkte kontakta 31.oktober dersom du ikkje får plass. Me satsar på at alle får plass 🙂 Sjølv om programmet for haustsamlinga er nokså klart, kan du melde inn ynskjeleg tema til fagnettverket innan 30.oktober til arbeidsgruppa ved ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Program og lokale i Sogndal vert kunngjort seinare på denne sida med eiga lenkje.
Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.
Les gjerne meir om dette fagnettverket side 5 + 8 i «Programplan for System for styrka læring i Sogn 2022-2030» Programplan_2022_-_2030
Nokre stikkord henta frå planen:
- kritisk tenking og refleksjon på system- og individnivå
- innverknad på eiga opplæring for å auka motivasjon og engasjement
- arbeide aktivt mot utanforskap
- arbeide for å ivareta barn sine rettar og barns beste
I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og utvikling av felles innhald. Dei skal støttast i å få gje uttrykk for synspunkt og skape meining gjennom samspel, dialog, leik og utforsking slik at dei utviklar kritisk tenking, etisk vurderingsevne, evne til å yte motstand og handlingskompetanse.
Fagnettverksansvarleg er arbeidsgruppa for barnehage 2022-2024:
Gunnhild Holen frå Stedje barnehage, Linda Midttun frå Gamlestova barnehage, Elisabeth Øynebråten Bekkedal frå Aurland barnehage, Anne Margrete Hatlelidfrå Lærdalsøyri barnehage, Henning Nornes frå Utdanningsforbundet i Sogndal og Ingrid Steine Bortne frå Sogn regionråd.
Ved spørsmål kan du kontakte programleiar Ingrid Steine Bortne, tlf 48 25 03 06, ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Velkommen!