27.oktober møtte 22 tilsette frå barnehagane i Sogn til fagnettverk «Kreativitet, skaparglede og entreprenørskap». Askedalen barnehage AS ved Lillian og Camilla er nettverksansvarlege og losa oss gjennom dagen på ein framifrå måte. Resultatet av ein innhaldsrik og kreativ dag vart at me skal gi ut vår eiga barnehageavis «Opp & Fram» for å synleggjere alt det gode som skjer i barnehagane i Sogn. Ideane vart lagt på nettverket, medan det mellomliggande arbeidet vert å forme innhaldet. Om alt går etter planen vert den ferdige trykte avisa klar til neste nettverkssamling 23.mars.

 

Her kan du kikke på presentasjonen frå samlinga: Fagnettverk KSE 27.10.2022

 

Lykke til med entreprenørskapsarbeidet!

 

 

 

Me skal lage vår eiga regionale barnehageavis!