Heile 95 deltakarar frå alle sognekommunane var samla på fagdagen for tilsette i SFO i Sogndal den 12. november.

Temaet var ny programplan for SFO og korleis planen legg opp til inkludering gjennom leik med fokus på dei tilsette sitt ansvar i høve dette.

Ei aktiv og engasjert samling fekk del i Lene Holte og Lene-Marie Monrad-Hole si fagformidling. Det var også rom for deling av endra praksis og gode idear frå deltakarane. Mange tankar, idear og verktøy kunne takast med rett tilbake til eigen kvardag i SFO.

 

Fagdag for alle SFO-tilsette