Det var god deltaking med ca. 70 påmelde til  fagleg samling for leiarane i barnehage, skule og PPT på Kviknes Hotel i Balestrand 21. og 22. oktober 2021. Fyrste dag av samlinga gjekk felles med temaet krysspress i leiarrolla. Dorthea Sekkingstad, frå Høgskulen på Vestlandet, la til rette med teori og drøftingar omkring temaet «den utfordrande samtalen» og Øyvind Glosvik, også frå Høgskulen på Vestlandet, tok oss med inn i temaet «krysspress i leiarrolla – teoriar som hjelpemiddel for leiarar i skvis»

Dagen vart avslutta med ei interessant kulturvandring i Balestrand med Bjøberg som dyktig guide i litt regnvått vêr.

Styrarane fortsette arbeidet saman med Dorthea Sekkingstad andre dag av samlinga også. Rektorane fekk ei fagøkt med temaet «Å lære å lære», frå Overordna del av fagfornyinga. Sjølvregulert læring var hovudtemaet. Her var Karin Sørlie Street frå HVL fagformidlar.

Dag 2 vart avslutta med styrarnettverk., rektornettverk og nettverk for skulefagleg ansvarlege.

Det vert opplevd som godt og svært nyttig å møtast omkring så aktuelle tema i arbeidet.

Her finn du presentasjonane

 

Leiarsamling i Balestrand