Logos er eit digitalt verktøy for kartlegging av lesevanskar og diagnostisering av dysleksi. I Sogn har fleire tilsette i PPT og skulane godkjend sertifisering for å kartlegge barn og unge med LOGOS. Det er difor eit behov for fagleg fellesskap og påfyll for denne gruppa. Først hadde me to kursdagar med Logometrica i oktober 2023, som Signe og Anne Marit ved Trudvang skule organiserte, og no i april starta me opp eit eige nettverk for denne gruppa. Siri-Lise Nes Bøyum ved Sogn PPT er nettverksansvarleg og leia gruppa på 15 på glimrande vis gjennom ei halvdagssamling i Sogndal 3.april. Veldig lærerikt å få drøfte kartlegging i fellesskap. Neste samling vert til hausten!

 

Her finn du presentasjonen frå nettverket 3.april 2024: Logos-nettverk 03.04.2024 presentasjon

Her finn du også presentasjonen frå samlingane med Logometrica:

 

Me var 15 personar som deltok 2.oktober, 24 deltakarar 3.oktober og 15 deltakarar 3.april.

 

LOGOS-nettverk