SFO – leiar i Leikanger, Siri Randen la til rette for ein god fagdag for SFO-tilsette i regionen den 2. januar 2019.

Tema for dagen var mobbing med Nina Grini som hovudføredragshaldar. Grini jobbar med Psykisk helse og læringsmiljø, der ho er med i prosjektet Robust, som har som føremål å prøva ut eit undervisningsprosjekt for å fremja sosial og emosjonell kompetanse i skulen. Ho står også bak filmen «En mobbehistorie». Ho brenn for å få auka kompetansen om psykisk helse i skulen og seie bl.a.:

Skulen har hatt fokus på fysisk helse gjennom gymnastikk og fysisk aktivitet i mange år. Det er på tide å ta med hjernen, korleis tankar, handlingar og følelsar verkar i og mellom oss menneske i håp om å gi fleire livsmeistring,
I samlinga hadde Nina eit flott foredrag og var god på å inkludere tilhøyrarane undervegs. Hennar formidlarevne var strålande og ettermeldingane etter samlinga har vore udelt positive.  Ein vil prøve å leggje til rette for ei ny samling med Grini der temaet vert fulgt opp vidare under tematikken vaksenleiing.

Før Nina kom presenterte mobbeombodet Aina Drage seg for dei frammøtte. Ho informerte om rolla si og kva ho kan bidra med.

Sidan fylte SFO leiar Siri Randen inn med stoff rundt tema for dagen
– oss som rollemodeller som vaksne,
– synte film av og med Nina der ho fortel til barna at det er ikkje lov å mobbe andre og ein snutt med Ingrid Lund.
– informerte frå korleis Leikanger tilrettelegg sine personalmøter med faste postar på saklista der dei bl.a. tek opp enkeltbarn og kvardagen til dei vaksne.
Trygge vaksne gir trygge barn, før Nina starta sitt foredrag.

PP frå dagen samt etterarbeid blir sendt pr. e-post til SFO-leiarane frå Siri Randen.

Sogn regionråd er glade for å kunne vere bidragsytarar for ei vellukka samling for SFO-tilsette i regionen.

Hanne Ørnehaug
Programleiar for barnehage- og skuleutvikling

Fagdag for SFO 2. januar 2019