22.november arrangerte Sogn regionråd og Høgskulen på Vestlandet regional fagdag for skulane. Tema var KOMPETANSELØFT for spesialpedagogikk og inkluderande praksis i skulane.
35 engasjerte deltakarar lytta interessert til innlegga frå skulane, høgskulen og PPT. Dei delte sine erfaringar i høve førtilmeldingsfasen og skriving av gode IOP’ar. Etter lunsj var det tid for gruppearbeid og refleksjonar. Ein slik fagdag har lenge stått høgt på ynskjelista, og etter evalueringa å døma er det sterkt behov for fleire slike nyttige fagdagar. Me håpar å kunne gjere dette til ein årleg tradisjon kvar haust, i tillegg til at me vil prøve å tilby ulike webinar i tillegg.
Her finn du presentasjonane som vart nytta under fagdagen. Du er velkommen til å bruke desse når du skal formidle innhaldet til kollegaer eller jobbe vidare med temaet i eigen eining:
- Velkommen og informasjon om «Kompetanseløftet i Sogn» v/ Knut Åge Teigen, kommunalsjef oppvekst i Luster kommune: Presentasjon kompetanseløftet 211122
- «Laget rundt barnet» – erfaringar frå Sogndal kommune v/ Ingunn Marie Myren, prosjektleiar i Sogndal kommune: Laget rundt barnet – nettverkssamling spesped i regionen 22.11.22
- «Ein inkluderande skule. Tilpassa opplæring og spesialpedagogisk kompetanse/undervisning» v/ Marit Irene Uglum, høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet: HVL Presentasjon regional fagdag skule Kompetanseløftet Sogn nov 22
- «Førtilmeldingsfasen: Kva gjer me? Korleis løyser me det i eininga vår? Kva krav blir stilt?» Utprøving av tiltak innanfor det ordinære – tilpassa opplæring v/Frode Saue, konstituert rektor ved Kaupanger skule: Førtilmeldingsfasen Kaupanger skule
- Kva er den ideelle førtilmeldingsfasen for skule og PPT? v/Marte Winther, spesialpedagogisk koordinator ved Farnes skule, Vibeke Fusche Moe, leiar PPT Indre Sogn: Førtilvising Farnes skule og PPT Indre Sogn
- Med utgangspunkt i UDIR sin nye mal for individuell opplæringsplan (IOP) vil me diskutere utfordringar og mogelege løysingar. Inspektør Siv Jane Tufte Mardal og spesialpedagog Monica Wathne Tufte ved Leikanger barneskule deler deira erfaringar: Spesialpedagogikk og inkluderande praksis Leikanger barneskule og IOP – anonyme døme frå Sogn
Resultat av gruppearbeidet kan du lese meir om her: