8.november var 10 deltakarar samla til fagnettverk med hovudfokus på medverknad. Her var det rom for gode diskusjonar, undringar, deling av erfaringar og litt ny input av kunnskap om tema. Jo meir me snakka om medverknad, jo meir skjøna me kor mykje me har å lære om temaet. Medverknad er mykje meir enn berre å medbestemme. Du kan lesa referat frå samlinga og sjå nærare på presentasjonen her: Fagnettverk barnehage Medverknad, vurdering for læring og gjennomføring 08.11.22 og Referat frå fagnettverk 08.11.2022

 

Takk for gode diskusjonar og høgt engasjement i nettverket! Lykke til med mellomliggande arbeid fram til neste samling 28.mars 2023!

Fagnettverk barnehage: medverknad, vurdering for læring og gjennomføring