
Regional ReKomp-konferanse i Sogn
20. mai, kl. 09:00 - 14:30
GratisHer kan du lese programmet som pdf-fil: Invitasjon og program regional ReKomp-konferanse i Sogn 20.05.2025
Målgruppe: Alle barnehagar i vår region vert invitert + kommunalsjefar, alle PPT-tilsette, aktuelle deltakarar frå HVL og evt. samarbeidspartar. Barnehagane kan sende så mange dei vil, men me anbefaler at barnehageleiinga, tillitsvald og ein pedagogisk leiar vert representert. Forankring og oppfølging er avhengig av både leiing og tilsette, og me meiner det er viktig at ped.leiar-rolla vert prioritert. Lokalet har plass til 150 deltakarar.
Stad: Campus Sogndal, Høgskulebygget, auditoriet «Storen» i 2. etasje. Sjå kart her: Høgskbygget 2.etg aud Storen, Høgskulebygget, Campus Sogndal – MazeMap eller kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no)
Tidspunkt: Tysdag 20.mai kl 09.00-14.30
Lunsj: Enkel lunsj vert servert i auditoriet. Meld frå om evt. allergiar i påmeldinga.
Deltakaravgift: Samlinga er dekka av regionale utviklingsmidlar tildelt av Statsforvaltaren i Vestland.
Program for dagen:
09.00 – 09.15: «Full forvirring?» Velkommen v/ Gunnhild Holen, leiar av styrarnettverket i Sogn
09.15 – 09.35: Kollektiv kompetanseutvikling v/ Elisabeth Totland, HVL
09.35 – 10.00: Rolla til HVL i møte med barnehagane v/ Evelyn Eggum, HVL
10.00 – 10.15: Pause. Sjå gjerne utstillingane av ReKomp-barnehagar ute i vrimlearealet
10.15 – 10.45: Frå frø til brød v/ Lærdalsøyri barnehage, Lærdal
10.45 – 11.00: Summeoppgåver og refleksjon
11.00 – 11.30: Korleis legge til rette for fysisk aktiv leik? v/ Veitastrond oppvekstsenter, Luster
11.30 – 12.15: Lunsj i auditoriet (bagett/wraps). Sjå gjerne utstillingane av ReKomp-barnehagane
12.15 – 13.00: Utviklingsarbeid og prosjektleiing v/ Evelyn Eggum, HVL
13.00 – 13.15: Pause. Sjå gjerne utstillingane av ReKomp-barnehagar ute i vrimlearealet
13.15 – 13.30: Samarbeid i partnarskap – ei oppskrift på suksess? v/ Elisabeth Totland, HVL
13.30 – 14.00: Foreldresamarbeid – oppstartssamtale v/ Gamlestova barnehage, Luster
14.00 – 14.15: Summeoppgåver og refleksjon
14.15 – 14.30: Avslutning og evaluering
Målsetjing med denne regionale konferansen er å lære meir om og skape engasjement i
barnehagane for ReKomp- ordninga og utviklingsarbeid generelt, samt å knyte kontaktar mellom
barnehagane og oppnå erfaringsdeling kring ReKomp.
Tilskot:
For å stimulere til auka deltaking i ein økonomisk krevjande tid for barnehagane vil Sognaregionen nytte midlar til å betale ut tilskot kr 1000,- pr deltakar til kvar barnehage som sender deltakarar som krev vikarressursar (ikkje for styrarar, men alle andre tilsette i barnehagen som deltek på konferansen). Midlane går til barnehagen, ikkje til den enkelte deltakar. Utbetaling til barnehagane vert gjort i juni 2025 etter deltaking. I utgangspunktet er det tenkt tilskot til ca 3 deltakarar pr barnehage for at flest barnehagar får delta, men om det er ressursar til det vil me strekke tal deltakarar som får tilskot så mykje me kan.
Påmeldingsfrist: 8.mai kl 23 via denne lenkja https://www.fagnettverkisogn.no/hending/regional-rekomp-konferanse-i-sogn/ Meld inn evt. allergiar under merknadsfeltet i påmeldinga.
Arrangørgruppa:
Gunnhild Holen frå Stedje barnehage, Hilde-Anett Tenold frå Vik barnehage, Elisabeth Øynebråten Bekkedal frå Aurland barnehage, Linda Midtun frå Gamlestova barnehage, Rigmor Haugen Slinde frå Utdanningsforbundet, Evelyn Eggum frå HVL, Elisabeth Totland frå HVL og Ingrid Steine Bortne frå Sognaregionen.
Velkommen! Me håpar å sjå deg!
Beste helsing på vegne av arrangørgruppa;
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Sognaregionen – System for styrka læring
Ingrid.Steine.Bortne@sogndal.kommune.no
Mob: 48 25 03 06