
Fagnettverk for begynnaropplæring 1.-4.trinn inkludert basiskurs/workshop «Lek og lær på kryss og tvers»
21. mai, kl. 09:00 - 14:30
GratisStad: Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Rom: Guristova 1.etg. Sjå GUR207, Guristova, Campus Sogndal – MazeMap eller kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no)
Tidspunkt: Onsdag 21.mai 2025 kl 09.00-14.30. Dørene opnar kl 08.45.
Målgruppe: Hovudsakleg lærarar på 1.-4.trinn
Lunsj: Enkel lunsj er inkludert. Meld frå om evt. allergiar i påmeldinga
Deltakaravgift: Nei, samlinga og kursavgift vert dekka av regionale midlar
Me er utruleg glade for å kunne invitere til fagnettverk for begynnaropplæring for 1.-4.trinn – det har lenge vore etterspurt frå skulane. For å kick-starte det heile vil me denne første samlinga fokusere det meste av dagen på kurset og workshopen «Lek og lær på kryss og tvers» som handlar om leik og tverrfagleg arbeid i skulen.
Her kan du lese invitasjon og program som pdf-fil: Program fagnettverk for begynnaropplæring 21.05.2025
Påmelding:
Det er berre 40 plassar på samlinga, så i første runde vil me tilby skulane eit forhandsgitt tal plassar til lærarar i småskulen som de kan få melde på innan fristen 6.mai kl 23. Eventuelle ubrukte plassar vert så lagt ut til fri påmelding for PPT-tilsette og alle som underviser i barneskule 1-7 (førstemann til mølla). Den evt. utvida påmeldinga vil gjelde frå torsdag 8.mai kl 08 og til det er fullt eller seinast fredag 16.mai kl 23. Kurset er tilpassa småtrinnet 1.-4., men har god overføringsverdi til mellom- og ungdomstrinnet.
Program:
08.45- 09.00: Registrering og kaffi/te
09.00- 09.30: Oppstart av nettverket. Kva ynskjer me med nettverket?
09.30- 11.15: Basiskurs og workshop med blanda grupper del 1 (inkl. pause)
11.15- 12.00: Enkel lunsj i HVL-kantina
12.00- 13.15: Basiskurs og workshop med blanda grupper del 2
13.15- 13.30: Pause
13.30- 14.15: Nettverksarbeid
14.15- 14.30: Evaluering og vegen vidare
NB! Det er viktig at deltakarane er med heile dagen frå kl 9.00-14.30!
Bakgrunnsinformasjon om «Lek og lær på kryss og tvers»:
«Skoleutvikling kan gjenkjennes ved at forskningsbasert kunnskap formidles i profesjonelle læringsfellesskap kommunalt eller ved den enkelte skole, og som skoleleder har du nok hørt kommentarene: Hvordan skal vi gjøre det i klasserommet? Kan vi ikke få en oppskrift og noen konkrete tips?
For det finnes store mengder forskning, artikler og bøker om HVA som er best for barns læring og utvikling, og HVORFOR det er bra for dem – men dessverre færre om HVORDAN overføre forskningen fra å være fine ord i artikler og bøker til å bli praksis i skoler og klasserom. Vi i Lek og lær på kryss og tvers er mest opptatt av HVORDAN gjøre det i klasserommet. Vi er ikke forskere, vi er lærere som hver dag står i klasserommet med de samme utfordringene som dere har. Kurset vårt kan bidra til en mer forskningsbasert praksis ved skolen».
Kurshaldarane Lillian Distad Skansgård og Gunn Anita Pålsrud www.paakryssogtvers.no paakryssogtvers@gmail.com Instagram: kryss_og_tvers
Kursinnhald:
- Begynnaropplæring med frileik på timeplanen
- Rommet si utforming og stasjonsarbeid
- Grunnleggande ferdigheitar som arbeidsmetode
- Omvendt undervisning i klasserommet
- Workshop: Korleis lage ein tverrfagleg årsplan?
Tips til førarbeid:
- Overordna del LK 2020
- Sjekk ut nettsida Lek og lær på kryss og tvers: mellom anna podkasten REKK OPP HÅNDA «Begynneropplæring med lek på timeplanen på Fåvang skole» og artikkelen i Utdanningsnytt «Fåvang skole, her har førsteklassingene lekekrok, puter, telt og langbord i klasserommet»
Nettverksansvarleg:
Gaupne skule v/ Edwin Hjelmhaug edwin.hjelmhaug@luster.kommune.no Tlf: 97 09 85 90.
Ved praktiske spørsmål kan de ta kontakt med ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no eller på
tlf 48 25 03 06.
Velkommen til ein inspirerande dag med fokus på leik og tverrfagleg arbeid i skulen!
Beste helsing frå
Edwin Hjelmhaug Ingrid Steine Bortne
Nettverksansvarleg Programleiar barnehage- og skuleutvikling