
Temadag «Ny som lærar på Vestlandet»
22. mai, kl. 09:00 - 15:00
GratisTemadag ved HVL campus Sogndal, torsdag 22.mai 2025 kl. 9.00-15.00.
Her kan du lese programmet som pdf-fil: Program temadag 22.mai 2025
Målgruppe: Studentar som går siste året på BLU, GLU og PPU, nyutdanna pedagogar i barnehagar og skular i Sogn (som var ferdigutdanna i 2023 eller 2024), rettleiarar/mentorar ved barnehagar og skular, leiarar i barnehagar og skular, kommunalsjefar og samarbeidspartar.
Stad: Høgskulebygget, auditoriet «Josten» i 1. etasje. Sjå kart her: Høgskbygget 1.etg aud Josten, Høgskulebygget, Campus Sogndal – MazeMap eller kart-over-campus-sogndal
Tidspunkt: Torsdag 22.mai 2025 kl. 09.00- 15.00.
Lunsj: Ja, enkel lunsj er inkludert.
Deltakaravgift: Nei, samlinga er dekka av regionale utviklingsmidlar i Sognaregionen
Bakgrunn for temadagen: Alt kan ikkje lærast i ei grunnutdanning, enkelte sider lærer ein best når ein har starta i jobb, med hjelp av god rettleiing. HVL er ein del av Utdanningsdirektoratet sitt prosjekt «Ny som lærar på Vestlandet», og ynskjer at nyutdanna lærarar skal vera informert om mentor/rettleiingsordningar i regi av Kunnskapsdepartementet. Temadagen er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og System for styrka læring, Sognaregionen.
Her kan du lese meir om rettleiingsordninga:
- no/samarbeid/samarbeid-lararutdanning-og-kreative-fag/ny-som-larer-pa-vestlandet/
- Veiledning-av-nyutdannede-nytilsatte-larere-i-barnehage-og-skole_oppdatert-2021_10.pdf (regjeringen.no)
- https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/veiledning-av-nyutdannede/
- https://nyutdannede.no/
Program for dagen:
09.00- 09.05: Praktisk info v/arrangørane HVL og Sognaregionen
09.05- 09.20: Kommunalsjef i Lærdal kommune Camilla Grøttebø ynskjer velkommen!
09.20- 09.40: Profesjonell utvikling og det doble formålet v/Evelyn Eggum, HVL
09.40- 10.00: Nyutdanna barnehagelærar Silje Nornes Mikkelsen og ass. styrar Linda Midtun frå Gamlestova barnehage i Luster deler korleis dei jobbar med rettleiing i kvardagen
10.00- 10.15: Pause
10.15- 10.30: Nyutdanna lærar Siw-Anita Hagen frå Aurland barne- og ungdomsskule fortel om hennar erfaringar i sitt første år som lærar
10.30- 10.45: Nyutdanna lærar og prosjektmedarbeidar Helga Sie deler frå si reise frå klasserommet til prosjektet «Livsmeistring, robuste barn og unge» i Sogndal og Luster
10.45- 11.00: 5.årsstudenten Reni Kristiansen gir oss eit innblikk i studentane sine tankar og forventningar
11.00- 11.30: Lunsj (bagett og wraps)
11.30- 12.00: Mangeårig lærar Wibecke Rathe Sondbø frå Bergen deler spennande funn frå arbeid med masteroppgåve knytt til rettleiing for nyutdanna lærarar
12.00- 12.10: Pause
12.10- 14.50: Guttorm Helgøy er seniorrådgjevar ved nasjonalt senter for læringsmiljø og adferdsforskning ved Universitetet i Stavanger. På sin tydelege og engasjerande måte vil han løfte fram tematikk som dei nyutdanna ofte etterspør meir kunnskap om:
- Barnehage/skule – heim samarbeidet
- Korleis kan me bli utfordra på autoritet og gruppeleiing når barn og unge utfordrar oss? Kva val har me?
- Aggresjon
Det blir lagt inn 1-2 pausar undervegs i Guttorm si økt. Det vert veksling mellom føredrag, summeoppgåver og refleksjon.
14.50- 15.00: Avslutning og evaluering via qr-kode
Ansvarleg for samlinga:
Evelyn Eggum, HVL Evelyn.Eggum@hvl.no
Ingrid Steine Bortne, Sognaregionen Ingrid.Steine.Bortne@sogndal.kommune.no Mob: 48 25 03 06
Påmeldingsfrist: 20.mai kl 23 her: https://www.fagnettverkisogn.no/hendingar/ Meld inn evt. allergiar under merknadsfeltet i påmeldinga. Skriv i påmeldinga kva rolle du har (BLU-student, GLU-student, PPU-student, nyutdanna, rettleiar, leiar eller anna).
Velkommen!
Beste helsing frå
Evelyn Eggum Ingrid Steine Bortne
Kontaktperson for tiltaket Programleiar barnehage- og skuleutvikling
«Ny som lærar på Vestlandet», HVL Sognaregionen