- Denne hending er over.
Fagnettverk barnehage – fysisk og psykisk helse NB! Ny dato!
02/11/2023, kl. 09:00 - 14:30
GratisVelkommen til fagnettverk barnehage – fysisk og psykisk helse! NB! Ny dato 2.november!
Det er den einskilde tilsette i barnehagen som melder seg på her på denne sida, etter avtale med styraren sin. Dersom du vel å delta i fagnettverket ynskjer me at du deltek på begge samlingane i løpet av året (neste samling er 27.februar 2024).
Nettverket vert arrangert i Sogndal onsdag 4.oktober kl 9.00-14.30 og det er maks 40 deltakarar som får plass i fagnettverket. Dersom talet vert høgare enn 40 etter påmeldingsfristen, blir det først fordelt plassar til dei som deltok i nettverket førre barnehageår. Vidare prioriterer me slik at alle barnehagar som ynskjer det blir representert med 1-2 deltakarar kvar. Du vert direkte kontakta rett etter påmeldingsfristen dersom du ikkje får plass. Me satsar på at alle får plass 🙂
Tema er tilvenning og leikens betydning. Sjå programmet for samlinga her: Program fagnettverk barnehage – fysisk og psykisk helse 02.11.2023
Rom: F207, Foss. Sjå kart over Campus her: kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no) Kart: Gasta design
Les mellomliggande arbeid/ førearbeid her: Mellomliggande arbeid oktober 2023
Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.
Les gjerne meir om dette fagnettverket side 5-6 i «Programplan for System for styrka læring i Sogn 2022-2030» Programplan_2022_-_2030
Fagnettverksansvarleg: Merete Kvist Rydvang og Marit Erlandsen, Rones barnehage i Sogndal. Tlf: 922 48 442 post@ronesbarnehage.no
Ved spørsmål kan du kontakte Rones barnehage direkte eller programleiar Ingrid Steine Bortne, tlf 48 25 03 06, ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Velkommen!
