- Denne hending er over.
Regionalt nettverk for nyutdanna pedagogar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule
07/12/2023, kl. 12:30 - 15:30
GratisLes programmet som pdf-fil her: Program – regionalt nettverk for nyutdanna pedagogar 07.12.2023
Stad: HVL, Sogndal campus. Rom: Idun 1 og 2 i Bragebygget. Sjå kart her: kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no) Kart: Gasta design
Tidspunkt: Torsdag 7.desember 2023 kl 12.30-15.30
Lunsj: Det blir servert lunsj i klasserommet kl 12.30
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Målgruppe: Nyutdanna pedagogar frå barnehage, grunnskule og vidaregåande skular i Sogn som vart ferdig utdanna sommaren 2022 eller 2023.
Det er med stor glede me vil invitere alle nyutdanna barnehagelærarar og lærarar til felles regionalt nettverk i Sogn. Målgruppa er ca 60 pedagogar i Sogn som vart ferdig utdanna sommaren 2022 eller 2023. Nettverksdatoar er 7.12.23 og 10.04.24. Dei lokale rettleiarane/mentorane vert ikkje invitert med på desse nettverkssamlingane, men er velkomne til samlinga 25.januar.
Program:
12.30- 13.00: Me et lunsj saman og minglar litt
13.00- 13.50: Velkommen v/ Ingrid Steine Bortne, programleiar barnehage- og skuleutvikling i Sogn
Gjennomgang av Handal og Lauvås sin rettleiingsmodell v/ Astrid Bakken, HVL
13.50- 14.00: Pause
14.00- 15.15: Rettleiing i grupper
- Barnehagelærarar saman med Astrid Bakken
- Lærarar i grunnskule og vidaregåande skule saman med Dorthea Sekkingstad
Det vert lagt inn ein pause i rettleiingsøkta
15.15- 15.30: Me samlast i plenum att for evaluering og plan for vidare arbeid
Førebu deg til samlinga ved å lese vedlegget «Problemretta veiledning i gruppe»: Problemretta veiledning i gruppe
Målet er å bli kjend med andre nyutdanna pedagogar i Sogn, skape eit fagleg og sosialt nettverk og få inspirasjon og fagleg påfyll i arbeidet som nyutdanna. Me ynskjer nemleg å behalde deg i dette flotte yrket! 😊 Me håpar dette er noko du ynskjer å delta på – du er hjarteleg velkommen!
Neste nettverkssamling er: Onsdag 10.april kl 12.30-15.30 ved HVL, Sogndal
I tillegg ber me om at de held av datoen torsdag 25.januar kl 9.15-13.00 for ei samling ved HVL mellom dykk nyutdanna pedagogar og sisteårs-studentane på barnehagelærarutdanninga og lærarutdanninga ved HVL i Sogndal. Til denne samlinga vert også lokale rettleiarar/mentorarar, rektorarar, styrararar og kommunalsjefar invitert. Meir informasjon kjem i januar.
Ansvarleg for samlinga:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no mob: 48 25 03 06.
Påmeldingsfrist: Onsdag 29.november kl 23.00. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.
Beste helsing frå
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
