
- Denne hending er over.
Nyoppretta nettverk for ASK
17/01/2024, kl. 12:30 - 15:30
GratisASK står for alternativ og supplerande kommunikasjon. Barn som heilt eller delvis manglar funksjonell tale, har rett til å bruka ASK, samt få opplæring i å bruka det. Fleire av barna me jobbar med i barnehage og skule har behov for ASK. Me ynskjer å oppretta eit ASK-nettverk der me kan få fagleg påfyll, skapa relasjonar og dela erfaringar.
Les programmet som pdf-fil her: Invitasjon til ASK-nettverk 17.01.2024
Målgruppe: Tilsette i barnehage og skule, PPT-tilsette og andre som finn nettverket relevant
Stad: Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Klasserom 02-15 i 2.etg Stadionbygget. Sjå kart her: kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no)
Tidspunkt: Onsdag 17.januar 2024 kl 12.30-15.30 (ettermiddagssamling). Det faglege startar kl 13.
Deltakaravgift: Kurset vert dekka av regionale utviklingsmidlar innan «Kompetanseløftet»
Lunsj: Servering av lunsj og kaffi/te frå kl 12.30. Meld frå om evt. allergiar under merknadsfeltet i påmeldinga.
Program for halvdagssamlinga:
12.30- 13.00: Lunsjservering i klasserommet, mingling..
13.00- 15.15: På denne første samlinga vil de få ei grunnleggande innføring i kva ASK er, kven som har behov for det, ulike kommunikasjonsløysingar, litt om språkmiljø og praktisk bruk. Me vil òg bruka litt tid på å finne ut kva de ynskjer meir påfyll av framover, og i korleis form de ynskjer at nettverket skal fungere. Me legg inn små pausar undervegs.
15.15- 15.30: Oppsummering i plenum og evaluering
Nettverksansvarleg for samlinga:
Lene Foss Dalaker, Sogn PPT Lene.Foss.Dalaker@sogndal.kommune.no
Påmeldingsfrist: Onsdag 10.januar kl 23
Velkommen til dette nyoppretta nettverket! Me er glad for å kunne tilby dette!
Beste helsing frå
Lene Foss Dalaker Ingrid Steine Bortne
Nettverksansvarleg Programleiar barnehage- og skuleutvikling