Grunna mykje sjukdom var me berre 12 deltakarar på rektornettverket ved HVL siste dagen i januar. Men etter engasjementet og diskusjonane å døma kunne me like godt vore 30! Ein flott dag der me hadde god tid til å drøfte og utveksle erfaringar på tvers av ulike skuleslag og kommunar/fylkeskommune.

Tema var oppvekstreform, elevmedverknad og oppfølging av dialogmøtet i november (fullføringsreform). Tusen takk til elevrådsleiar Tea Volle ved Sogndal VGS for verdifulle innspel under saka om elevmedverknad!

 

Her finn du referat frå rektornettverket, framhald av gruppearbeid og presentasjonane:

 

 

 

Rektornettverk 31.januar