19 deltakarar frå barnehagane i Sogn + Fredrik frå Ungt Entreprenørskap var samla til nettverk ved HVL for å jobbe vidare med tema innan kreativitet, skaparglede og entreprenørskap. Gleda var stor då me fekk opna dei rykande ferske utgåvane av den regionale barnehageavisa «Opp & Fram» som var mellomliggande arbeid frå samlinga i oktober. Utruleg spennande å lesa alle bidraga frå netteverksdeltakarane – me har mykje å vere stolte av når det gjeld barnehagane i Sogn! I tillegg til å vere nyskapande og kreative har me også fått fram ein bodskap om at barnehagane i Sogn er av høg kvalitet og at det er ein gjevande arbeidsplass. Rekruttering og omdømebygging er viktige stikkord i denne samanheng. No er avisa sendt ut til alle formannskapsmedlemmer og kommunedirektørar i regionen, samt oppvekstsjefar, rådgjevarar, PPT, samarbeidsorganisasjonar, utdanningsinstitusjonane våre, media og kvar barnehage i Sogn. Skal me tru på responsen vert det nok ein oppfølgar av avisa i samband med neste nettverkssamling i oktober. Og neste gong  gjerne i digital versjon.

 

Dei to nettverksansvarlege frå Askedalen barnehage, Lillian og Camilla, vart også intervjua i Sogn Avis om den regionale barnehageavisa og har hausta mykje positiv merksemd på vegne av heile sektoren vår. Takk for jobben de gjer!!

 

Siste post på programmet var eit inspirerande innlegg ved Fredrik Jarstadmarken frå Ungt Entreprenørskap Vestland. Presentasjonen hans om kreativitet og om å tenkje utanfor boksen kan du lesa her: Ungt Entreprenørskap barnehagenettverk 23.03.2023

Takk også til student Lars Kristian Garnes som fortalde om sine erfaringar som student i høve rekruttering.

 

Til slutt kan de sjå stolte barn i Luster som høgtidleg deler ut den regionale barnehageavisa til formannskapsmedlemmer, rådmann og oppvekstsjef i Luster kommune 30.mars. Stas!

 

Heile fagnettverket samla

Student Lars Kristian Garnes deler erfaringar

Fredrik Jarstadmarken frå UE

 

Skjermdump/foto: Halvor Farsund Storvik, Sogn Avis

 

Framsida på den regionale barnehageavisa

 

Høgtidleg utdeling av avisa til Luster formannskap, rådmann og oppvekstsjef frå stolte barn i Indre Hafslo barnehage og Gaupne barnehage.

Dei vaksne på bildet f.h: Therese Berkvam Hatlevoll, Guro Gauteplass Lie, Anne-Grethe Vinda, Stine Nordal og ordførar Ivar Kvalen.

Avisslepp og fagnettverk barnehage – kreativitet, skaparglede og entreprenørskap 23.mars