6.desember arrangerte Sogn regionråd og Høgskulen på Vestlandet regional fagdag for barnehagane. Tema var KOMPETANSELØFT for spesialpedagogikk og inkluderande praksis i barnehagane.
Heile 44 engasjerte deltakarar lytta interessert til innlegga frå barnehagane, høgskulen, PPT og kommunalt prosjekt . Dei delte sine erfaringar i høve førtilmeldingsfasen og skriving av gode IUP’ar. Dei sette standarden for gode refleksjonar i grupper og plenum. Du verden, alt av god kompetanse som finns på dette området her i Sogn!
Ein slik fagdag har lenge stått høgt på ynskjelista, og etter evalueringa å døma er det sterkt behov for fleire slike nyttige fagdagar. Me håpar å kunne gjere dette til ein årleg tradisjon kvar haust, i tillegg til at me vil prøve å tilby ulike webinar i tillegg.
Her finn du presentasjonane som vart nytta under fagdagen. Du er velkommen til å bruke desse når du skal formidle innhaldet til kollegaer eller jobbe vidare med temaet i eigen eining/kommune:
- Velkommen og informasjon om «Kompetanseløftet i Sogn» v/ Knut Åge Teigen, kommunalsjef oppvekst i Luster kommune: Knut Åge Teigen – Presentasjon kompetanseløftet 06.12.2022
- «Laget rundt barnet» – erfaringar frå Sogndal kommune v/ Ingunn Marie Myren, prosjektleiar i Sogndal kommune: Laget rundt barnet – nettverkssamling spesped i regionen – barnehage 6.12.2022
- «Ein inkluderande barnehage. Tilpassa opplæring og spesialpedagogisk kompetanse/undervisning» v/ Marit Irene Uglum, høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet: HVL Presentasjon regional fagdag barnehage Kompetanseløftet Sogn 6 desember
- Utprøving av tiltak innanfor det ordinære – tilpassa opplæring i barnehagen v/ Hilde Valvik Menes, styrar og eigar Askedalen barnehage: Hilde Valvik Menes – Regional fagdag tysdag 6.desember 2022 rev
- Kva er den ideelle førtilmeldingsfasen for barnehage og PPT? v/ Vibeke Fusche Moe, leiar PPT Indre Sogn og Anne Haugen Hov, leiar Sogn PPT: PPT – Førtilvising barnehage
- Med utgangspunkt i det som står i enkeltvedtaket, kan det vere føremålstenleg at kommunen lagar ein skriftleg plan for hjelpa som barnet skal få. Korleis lage ein god plan? Diskusjon rundt utfordringar og mogelege løysingar. Siv Monsen, spesialpedagog i Gaupne barnehage deler deira erfaringar: Siv Monsen 06.12.2022 Her finn du også Luster kommune sitt utkast til IUP (work in progress): IUP Luster kommune – eit utkast
Resultat av gruppearbeidet kan du lese meir om her:
Resultat mentimeter spm 1-2 – 06.12.2022
Resultat mentimeter spm 3-4 06.12.2022