14 rektorar var samla i Sogndal kulturhus 19.mai. Aktuelle saker som praksis i skulen, lærarutdanning, programmering og mottak av flyktningar var på agendaen. Det var lærerikt å få ny kunnskap frå flinke gjesteførelesarar frå Sogn Opplæringskontor og Sogndal vidaregåande skule, i tillegg til verdien av erfaringsdeling på tvers av skulane. Deltakartalet denne gongen seier noko om at mai er ei travel tid for skuleleiarar, men dei som hadde høve til å delta var engasjerte og delte av sine erfaringar frå skulekvardagen. Ei god og nyttig samling som gav energi til arbeidet framover!

Referat frå møtet kan du lesa her: Referat møte 19.05.2022

Presentasjon frå Sogndal vidaregåande skule og notat til dette innlegget:  Bua praksis – Mona Himle, Sogndal VGS og  Notat frå bua-presentasjon rektornettverk 19.05.2022 Bua praksis – Mona Himle, Sogndal VGS og innspel frå Årdal VGS i høve BUA Innspel frå Årdal VGS i høve bua

Presentasjon frå Sogn Opplæringskontor (SOK): grunna størrelse på fil må den sendast til rektorane på e-post

Presentasjon frå lærarutdanningsskulane Leikanger og Hafslo: Lærarutdanningskule presentasjon på rektornettverket mai 2022

Her kjem også eit tips frå Kjell Ertesvåg i høve tospråkleg fagopplæring: Naturfag og matematikk | Digilaer.no

 

Rektornettverk – ei viktig arena for deling