25 styrarar/ assisterande styrarar og tre flinke føredragshaldarar var samla på ViteMeir siste dagen i mai. Her fekk me ei innføring i korleis Vang kommune jobbar med å inkludere asyl- og flyktningborn i barnehage, me drøfta spenningsfeltet mellom barnehagelærarutdanninga ved HVL og praksisfeltet, og me fekk diskutert andre dagsaktuelle problemstillingar. Ny organisering av fagnettverk for barnehagane frå hausten 2022 var også på dagsorden. Til slutt fekk me ei flott omvisning på ViteMeir – eit tilbod som er kjært motteke av både barnehagar og skular i regionen vår. Spennande å få erfare kva tilbod som vert gitt her.

Referat frå samlinga kan du lese her: Referat styrarnettverk 31.05.2022 og presentasjonen til nettverksansvarleg Anne Margrete Hatlelid finn du her: Presentasjon styrarnettverk 31.5.22

Presentasjonen frå HVL: Styrarnettverk 31.05.22 HVL

Presentasjonen frå Vang kommune: Arbeid med asylbarn Vang kommune

Les gjerne oppsummering av workshop om fagnettverk barnehage frå førre styrarnettverk 3.mars 2022: Oppsummering av gruppearbeid 03.03.2022

Neste styrarnettverk vert i september 2022. Dato vert publisert så snart det er bestemt.

 

 

Engasjert gjeng gjennomførte styrarnettverk på ViteMeir