10.mars arrangerte Sogn Regionråd – System for styrka læring fagnettverk for psykisk helse på Quality Hotel Sogndal. Føredragshaldar Solrun Samnøy frå Høgskulen på Vestlandet losa oss gjennom dagen på ein framifrå måte. Tema var «Folkehelse og livsmeistring som tverrfaglege tema – erfaringsutveksling og relevante perspektiv». Målgruppe var tilsette i barnehage, grunn- og vidaregåande skule, barnevern, helsestasjon og PPT, 38 deltakarar møtte.

 

Presentasjonen til Solrun Samnøy «Intensjonar, muligheiter og fallgruver ved det tverrfaglege tema folkehelse og livsmeistring. «Du er god nok» vs. «du skulle vore annleis». Kva med miljøet rundt? Kva med dobbeltkommunikasjonen i samfunnet vi lever i?» kan du lese her: Fagnettverk psykisk helse 10.03.2022

 

Takk for god innsats og høgt engasjement under erfaringsdelinga i gruppene. Det er mykje me lukkast med i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule i Sogn i høve dette temaet. Og det er framleis utfordringar me må løyse saman. Lukke til med oppfølginga av fagdagen ute i einingane!

 

Vellukka gjennomføring av fagnettverk psykisk helse