- Denne hending er over.
Regional planleggingsdag for SFO – fysisk samling
01/11/2024, kl. 09:00 - 14:30
400KrHer kan du lese invitasjon og program som pdf-fil: Program for fagnettverk SFO 01.11.2024
NB! Hallo Sogn vil streame føredraget for dei som ikkje fekk plass på ViteMeir, og lenkje blir sendt ut til SFO-leiarar og rektorar nokre dagar i forkant. Lenkja er tilgjengeleg til 1.12.24.
Deltakarar: Tilsette i skulefritidsordningane i Sogn, etter eiga påmelding
Kvar: Auditorium i 1.etg, ViteMeir, Kaupanger
Tidspunkt: Fredag 1.november kl 9.00-14.30. Registrering frå kl 8.30
Pris: 400 kr pr. pers som vert fakturert kommunane i etterkant. Bindande påmelding.
NB! Maks 100 plassar, så førstemann til mølla. Begrensa med parkering, tenk samkøyring.
«Frå krenking til håp»
eit føredrag om vald og seksuelle overgrep
Marius Bråtelund som sjølv vart utsett for vald og overgrep som barn, kjem til Sogn for å fortelje si sterke og ærlege historie. Han snakkar om korleis trygge vaksne kan bygge gode relasjonar til utsette barn og unge og få dei til å opne seg. Ikkje minst vil han fortelje korleis me vaksne kan oppdage og sjå ulike teikn og symptom.
Program:
08.30- 09.00: Registrering, kaffi/te
09.00- 09.05: Velkommen ved leiarane av SFO-leiarnettverket Ann Merete Sviggum, Katrine Wolff Bolseth og Vivian Henjesand Sætre
09.05- 11.30: Marius Bråtelund fortel si sterke historie. Det blir spørsmål i grupper undervegs. Det blir lagt inn 1-2 pausar i denne økta.
11.30- 12.30: Lunsj i SmakeMeir restauranten. Det blir servert lasagne
12.30- 13.00: Føredrag og oppgåver held fram
13.00- 13.15: Pause med kake og kaffi/te
13.15- 14.15: Kvar SFO set seg gruppevis og jobbar vidare med tematikken. Korleis er våre rutinar på dette området? Kva bør me vere ekstra merksame på? Kva gjer me vidare?
14.15- 14.30: Avslutning og evaluering
Velkommen til planleggingsdag i regionen!
Med helsing
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)
Tlf 48 25 03 06