- Denne hending er over.
Regional planleggingsdag for barnesteget – digital samling
01/11/2024, kl. 09:00 - 11:30
GratisLes programmet som pdf-fil her: Regional planleggingsdag for barnesteget 01.11.2024 – digital samling
Deltakarar: Tilsette ved barneskular i Sogn, PPT og andre samarbeidspartar
Kvar: Skulane organiserer felles framsyning av digitalt føredrag i Teams og refleksjonsoppgåver i grupper lokalt som etterarbeid. Møtelenkje i Teams vert sendt til rektorane/leiarane seinast dagen før. Fint om de loggar inn om lag 10 minuttar før føredraget startar
Tidspunkt: Fredag 1.november kl 9.00- 11.30. Innlogging frå kl 8.50
Pris: Kurset vert dekka av regionale utviklingsmidlar
Påmelding: Det er ikkje påmelding, men leiar melder inn tal deltakarar til Ingrid i etterkant
Program:
9.00- 11.30: Digitalt føredrag om tilpassa opplæring, inkludering og elevmedverknad ved Robert Mjelde Flatås.
- Økt 1, kl. 09.00 – 09.50: Ny opplæringslov, omgrepet inkludering og tilpassa opplæring
- Økt 2, kl. 10.00 – 10.40: Å passa inn eller høyre til i fellesskapet – i lys av inkluderande praksis og Kompetanseløftet
- Økt 3, kl. 10.45 – 11.30: Elevmedverknad 2024 – ein av fleire måtar å styrka inkludering i klassen på. Nyttige tips til bruk i klasserommet.
Etter føredraget jobbar me med Robert sine refleksjonsoppgåver i grupper på eigen arbeidsplass, ca. 2 timar. Leiar vil få tilsendt oppgåvene før samlinga startar. Skuleleiinga styrer denne økta. I avslutninga av denne delen ynskjer me at deltakarane saman evaluerer dagen via QR-koden som vert tilsendt leiarane dagen før. Eitt felles svar frå kvar eining er tilstrekkeleg, frist 5.11.24. Resten av dagen kan nyttast til lokalt arbeid i eininga/kommunen. Foredraget vert teke opp. Opptaket er meint til bruk der skulen/tilsette ikkje har høve til å vere med på sjølve planleggingsdagen og skal berre nyttast internt.
Robert Mjelde Flatås er førstelektor i pedagogikk. Han har mange års erfaring som kontaktlærar og rektor på barnesteget. Gjennom sin praksis i skulen har han vore spesielt engasjert i skule og SFO som ein viktig arena for medverknad, aktiv læring og inkludering. Han har sett behovet for heilheitleg tenking og samarbeid på tvers. Robert er forfattar av fleire bøker for lærarar, mellom anna: Elevmedvirkning i praksis; Livsmestring i klassen og Samarbeidslæring i skolen. Robert vart nyleg tildelt prisen «Årets undervisar 2024» av lærarstudentar i Bergen.
Velkommen til digital planleggingsdag i regionen!
Med helsing
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)
Tlf 48 25 03 06