- Denne hending er over.
Regional planleggingsdag for barnehage – digital samling
01/11/2024, kl. 08:30 - 11:00
GratisÅ jobbe med menneske – meiningsfylt, men også krevjande
Les programmet som pdf-fil her: Regional planleggingsdag for barnehagane 01.11.2024
Deltakarar: Tilsette i barnehagane, PPT og tverrfaglege samarbeidspartar i Sogn
Tidspunkt: Fredag 1.november kl. 08.30 – 11.00. Pålogging frå kl. 8.20 i Teams
Kvar: Barnehagane organiserer felles framsyning av digitalt føredrag i Teams. Etter lunsj er det lagt opp til å jobbe i barnehagen med oppgåver om tema. Det er fint om det og er mogleg å jobbe avdelingsvis i deler av den siste økta.
Møtelenkje i Teams vert sendt til styrarane/leiarane nokre dagar i forkant.
Påmelding: Det er inga påmelding til samlinga,. men styrar sender inn tal på deltakarar til Ingrid i etterkant.
Målsetting: Me veit at kvaliteten på barnehagetilbodet er avhengig av korleis dei tilsette har det på jobb. Korleis dei planlegg, organiserer og gjennomfører arbeidskvardagen. Arbeidet med barn, og samarbeidet med foreldre, gjer arbeidet meiningsfylt, men også belastande. Målet er at barnehagen og dei tilsette skal sjå på kva dei saman kan gjere for å møte dei emosjonelle krava og belastningane i jobben.
Program:
Kl.08.30- 11.00: Digitalt føredrag
Føredragshaldarar er Ruth B. Lødemel og Heidi Myrvold frå NAV Arbeidslivssenter Vestland. Lenkja vert sendt ut til styrarane/leiarane nokre dagar i forkant. Foredraget vert teke opp og er tilgjengeleg fram til 13.12.24. Opptaket er meint til bruk der barnehagen ikkje har høve til å vere med på sjølve planleggingsdagen og skal berre nyttast internt.
Ca kl. 12.00-14.00: Arbeid i barnehagen – i grupper og plenum
Etter føredraget jobbar de med tema på eigen arbeidsplass i ca. 2 timar. Barnehageleiinga styrer denne økta. Dei får oppgåvene på e-post, saman med teamsinnkallinga og QR-kode, nokre dagar i førevegen. I avslutninga av denne delen ynskjer me at deltakarane evaluerer dagen i fellesskap via QR-koden. Det er tilstrekkeleg med eitt felles svar frå kvar eining. Resten av planleggingsdagen kan nyttast til lokalt arbeid i barnehagen/kommunen.
Om de ønskjer å kome med innspel eller har spørsmål undervegs i teams innlegget, kan de nytte chatt ’en. Det er også fint om deltakarane har med seg smarttelefon.
Meir om tema
Å vere tett på barn og foreldre er meiningsfylt, men også krevjande. Nyare forsking viser at ein ikkje har vore flink nok til å fange opp dei risikofaktorane som ligg i å arbeide med menneske.
Som tilsett i barnehage vert du utsett for andre sine sterke kjensler, samstundes som du ofte ikkje kan uttrykke kva du sjølv kjenner på og tenkjer. Å «halde maska» kan vere profesjonelt, men er også belastande. Belastning over tid utgjer ein helserisiko.
Nokre gonger kan ein få til svar «det må ein tole, slik er no jobben». Det er ikkje eit godt nok svar. Det er ikkje den tilsette åleine som skal møte desse krava. Det er viktig med eit HMS-arbeid som fangar opp dei reelle risikofaktorane i arbeidskvardagen, og at barnehagen iverksett gode tiltak.
I innlegget vårt ser vi på korleis arbeidsplassen kan tenkje vern mot eksponering for emosjonelle krav og belastningar, på same måte som ein tenkjer vern mot støy eller tunge løft.
Etter lunsj er det lagt opp til at det vert jobba med tema i barnehagane. Kva belastningar kjenner vi på i kvardagen her hjå oss og korleis kan vi møta desse på ein god måte?
Velkommen til digital planleggingsdag i regionen!
Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med:
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)
Tlf 48 25 03 06