Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Webinar nr 3 – språkforstyrringar og fleirspråklegheit ved Statped

23/01/2024, kl. 13:30 - 15:30

Gratis

På vegne av Kompetanseløftet i Sogn – ei satsing mellom Sogn regionråd (System for styrka læring), HVL og Statped er det med stor glede me kan ynskje velkommen til ei kursrekke på tre webinar hausten og vinteren 2023/24. Sjå invitasjon med informasjon og videohelsing her: Kompetanseløft Sogn – Språkforstyrringar og fleirspråklegheit – Invitasjon til webinar

 

Tema for webinara er «språkforstyrringar og fleirspråklegheit» og fagleg ansvarleg er Statped avdeling språk og tale. Kursrekka høver  for alle som jobbar med dette temaet i barnehage, grunnskule, VGS, vaksenopplæring, PPT og andre samarbeidspartar. Ein treng ikkje sjå alle tre webinar for å få utbytte, men me vil sjølvsagt anbefale det.

 

Dato for webinar:

-26.oktober 2023 kl 13.30-15.30. Innlogging frå kl 13.15 via lenkje her

-28.november 2023 kl 13.30-15.30. Innlogging frå kl 13.15 via lenkje her

-23.januar 2024 kl 13.30-15.30. Innlogging frå kl 13.15 via lenkje her

 

Tema for webinar 23.januar:

Fleirspråklegheit og språkforstyrringar

  • Fleirspråklegheit – omgrepsavklaring
  • «Fleirspråkleg utvikling» vs. språkforstyrringar
  • Prinsipp for kartlegging
  • Ulike typar kartleggingsverktøy, eksempel
  • Prinsipp for tiltak
  • Ulike typar tiltak, eksempel

 

Me vil anbefale så mange som mogeleg å sjå sendinga «live» for å kunne påverke med spørsmål og kommentarar i chatten. Men for dei som ikkje får høve til å sjå det direkte vil opptaket vere tilgjengeleg for internt bruk i einingane fram til neste webinar ca 1 mnd. Ein treng ikkje melde seg på. Lenkje til sending vert lagt ut her på denne sida i forkant av arrangementet.

 

Me håpar at dette vil føre til auka kompetanse på området språkforstyrringar og fleirspråklegheit – i tråd med ein av våre hovudsatsingar i «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis i Sogn» og «System for styrka læring» sin programplan.

 

Ta gjerne kontakt med underteikna om de har spørsmål eller kommentarar.

 

Velkommen!

 

Med helsing

 

Ingrid Steine Bortne

Programleiar barnehage- og skuleutvikling

Sogn Regionråd

Tlf 48 25 03 06

 

Webinar nr 3 – språkforstyrringar og fleirspråklegheit ved Statped

Detaljar:

Dato
23/01/2024
Tid:
13:30 - 15:30
Billettpris:
Gratis

Arrangør

Sogn regionråd