- Denne hending er over.
Nettverk for nyutdanna pedagogar i barnehage og skule + rettleiarane deira
25. september, kl. 12:30 - 15:30
GratisStad: HVL, Sogndal campus. Rom: Frigg 1 + 2 i Bragebygget. Sjå kart her: kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no)
Tidspunkt: Onsdag 25.september 2024 kl 12.30-15.30
Lunsj: Det blir servert lunsj i klasserommet kl 12.30
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Målgruppe: Nyutdanna pedagogar frå barnehage, grunnskule, vidaregåande skular og vaksenopplæring i Sogn som vart ferdig utdanna sommaren 2023 eller 2024 + deira lokale rettleiarar
Her kan du lese programmet som pdf-fil: Invitasjon og program – regionalt nettverk for nyutdanna pedagogar og deira rettleiarar 25.09.2024
Vedlegg:
Problemretta veiledning i gruppe
Grupperettleiing_forenkla modell
Me er klare for ny runde med nettverksamling, og gler oss til å høyre korleis de opplever arbeidskvardagen som nyutdanna pedagogar i Sogn etter oppstarten av nytt barnehage- og skuleår. Nokre av dykk var deltakarar i fjor, medan nokre er heilt nye i nettverket. Evalueringa frå samlingane i fjor var tydeleg på at dei nyutdanna ønska meir av grupperettleiing, deling av erfaringar og drøfting i fellesskap. Det har me difor lagt til rette for denne samlinga. Nytt i år er at me også inviterer rettleiarane dykkar slik at dei kan få jobbe saman med andre rettleiarar i Sogn. Me kjem til å ha felles oppstart før me deler oss i grupper: barnehagelærarar, lærarar og rettleiarar kvar for seg.
Program:
12.30- 13.00: Me et lunsj saman og minglar litt.
13.00- 13.30: Velkommen og kort informasjon om dagen v/ Astrid og Ingrid
Korleis er livet som nyutdanna i dag? Kva opplevast positivt? Utfordringar? Me deler erfaringar i gruppe/par
13.30- 15.10: Rettleiing i grupper etter Handal og Lauvås sin rettleiingsmodell (sjå to vedlegg)
- Barnehagelærarar saman med Astrid
- Lærarar i skulen saman med Ingrid
- Rettleiarane (Astrid og Ingrid set dykk i gang)
Gruppene legg inn ein pause i rettleiingsøkta når det høver best
15.10- 15.30: Me samlast i plenum for deling, evaluering og plan for vidare arbeid.
Førebu deg til samlinga ved å lese vedlegget «Problemretta veiledning i gruppe» og «Forenkla modell» som me kan bruke som mal for rettleiingsøkta.
Målet er å bli kjend med andre nyutdanna pedagogar i Sogn, at me skaper eit fagleg og sosialt nettverk og får inspirasjon og fagleg påfyll i arbeidet som nyutdanna. Me ynskjer nemleg å behalde deg i dette flotte yrket! 😊 Me håpar også at rettleiarane får utbytte av å treffe kvarandre og dele erfaringar frå rolla som rettleiarar, samt litt ny inspirasjon. Me håpar dette er noko du ynskjer å delta på – du er hjarteleg velkommen!
Ansvarleg for samlinga:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no mob: 48 25 03 06.
Påmeldingsfrist: Søndag 22.septeber kl 23.00. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.
Har du framlegg til tema eller noko du vil dele på samlinga er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt!
Beste helsing frå
Astrid Bakken Ingrid Steine Bortne
Kontaktperson for tiltaket Programleiar barnehage- og skuleutvikling i Sogn
«Ny som lærar på Vestlandet», HVL