Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Fagnettverk musikk

26. september, kl. 09:30 - 14:30

Gratis

Stad: Kaupanger skule

Tidspunkt: Tysdag 26.september 2023 kl 09.30-14.30

Målgruppe: Lærarar som underviser i musikk

Lunsj: Ja, inkludert. Meld frå om evt. allergiar i påmeldinga

Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar

 

Her kan du lese programmet i pdf-format: Program fagnettverk musikk 26.09.2023

Program:

09.30- 10.30       Økt 1

10.30- 10.45       Fruktpause

10.45- 12.00       Økt 2

12.00- 12.30       Lunsj

12.30- 14.00       Økt 3

14.00- 14.30       Ymsesaker, erfaringsdeling og evaluering

 

 

Tema vi kjem innom: 

  • Effektive og aktive musikktimar frå 1.-10. klasse
  • Musikk som verkty i andre fag
  • Positive effektar av musikk i skulen
  • Musikk og psykisk helse
  • Praktiske øvingar og opplegg

 

Musikkfaget er det minste faget i skulen, men måla i læreplanen er ambisiøse, så timane må vera effektive og godt planlagt. Korleis kan vi skvisa inn mest mogleg aktivitet og læring på desse få timane? I denne samlinga vil det bli påfyll av songar, musikkleikar og rytmeaktivitetar, refleksjonar rundt musikkfaget og kor viktig det er, tips til organisering av musikktimane og tid til erfaringsdeling og samtale. Har du eit spørsmål du ynskjer å diskutera? Har du eit opplegg du er nøgd med som du vil syna fram? Ta det med!

 

Mål for samlinga: å bli inspirert og få matnyttig materiell som ein kan ta i bruk med ein gong.  

 

Kari Malmanger er musikklærar på Kaupanger skule. Ho har jobba med alle aldersgrupper frå babysong til demenskor. Ho har utdanning frå Høgskulen i Bergen (musikklærar), Ole Bull Akademiet og Raulandsakademiet (folkemusikk) og Universitetet i Bergen (Master i musikk). Kari er også aktiv som utøvande musikar og kordirigent for to kor på Kaupanger og i Sogndal.  

 

Gunn Karoline Fugle er musikkterapeut. Ho er cand. philol med hovudfag i musikk frå Universitetet i Oslo. I tillegg har ho spesialistutdanning i barne- og ungdomspsykiatri, klinisk pedagogikk, og utdanning i kroppsdynamisk psykoterapi. Fugle arbeider i Helse Førde og i prosjekt i Helseforsking Sogn og Fjordane, forskingsgruppe: Psykisk helse og rus. 

 

Kari og Gunn Karoline har hatt kurs i lag før og likar å jobba saman. Det vil bli mykje rytme og mykje song. Dei kombinerer trommer, rytmeinstrument, dans og kroppsperkusjon med songleikar og andre øvingar. Det vert fokus på korleis ein kan oppnå kontakt med elevane gjennom å utøve musikk i lag, og korleis dei kan få oppleve meistring og utvikling i prosessen.  

 

Ansvarleg for samlinga:

Kaupanger skule v/ musikklærar Kari Malmanger Kari.Malmanger@sogndal.kommune.no

Tlf: 98 80 88 35

 

Påmeldingsfrist: Fredag 15.september kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet i påmeldinga.

 

 

Velkommen!

 

 

Beste helsing frå

 

Kari Malmanger

Ansvarleg for samlinga

 

 

Ingrid Steine Bortne

Programleiar barnehage- og skuleutvikling i Sogn regionråd

Fagnettverk musikk

Detaljar:

Dato
26. september
Tid:
09:30 - 14:30
Billettpris:
Gratis

Arrangør

Sogn regionråd

Lokale

Kaupanger skule
Brekkeflaten 2, 6854 Kaupanger 6854 Norway + Google-kart

Påmelde deltakarar

Kommune/organisasjonNamn
Borgund skuleJohn Bøthun Liøen
Fresvik Enspire skuleHege Strømme
LusterMirjam Tverberg
Luster kommuneEilin Skorpen
Luster kommuneOddny Eikelund
Luster kommuneTomas Kjørlaug
SogndalTone Næsje Sætre
Sogndal kommuneTorunn Gro Blomdal
Vik kommune, Feios skuleGjertrud Samland
Vik kommune, Feios skuleLenie Van der Wal

Påmeldte deltakarar

Mirjam Tverberg Luster Hege Strømme Fresvik Enspire skule Torunn Gro Blomdal Sogndal kommune Tomas Kjørlaug Luster kommune Lenie Van der Wal Vik kommune, Feios skule
Oddny Eikelund Luster kommune Tone Næsje Sætre Sogndal John Bøthun Liøen Borgund skule Eilin Skorpen Luster kommune Gjertrud Samland Vik kommune, Feios skule

Påmeldinga er avslutta