- Denne hending er over.
Fagnettverk barnehage – tidleg innsats og språkutvikling
17/10/2023, kl. 09:00 - 14:30
GratisVelkommen til fagnettverk barnehage – tidleg innsats og språkutvikling!
Det er den einskilde tilsette i barnehagen som melder seg på her på denne sida, etter avtale med styraren sin. Dersom du vel å delta i fagnettverket ynskjer me at du deltek på begge samlingane i løpet av året (neste samling er 14.mars 2024).
Nettverket vert arrangert i Sogndal tysdag 17.oktober kl 9.00-14.30 og det er maks 40 deltakarar som får plass i fagnettverket. Dersom talet vert høgare enn 40 etter påmeldingsfristen 2.oktober, blir det først fordelt plassar til dei som deltok i nettverket førre barnehageår. Vidare prioriterer me slik at alle barnehagar som ynskjer det blir representert med 1-2 deltakarar kvar. Du vert direkte kontakta 3.oktober dersom du ikkje får plass. Me satsar på at alle får plass 🙂 Sjølv om programmet for haustsamlinga er nokså klart, kan du melde inn ynskjeleg tema til fagnettverket innan 2.oktober til Solveig Løkkebø solveig.lokkebo@luster.kommune.no
Programmet kan du lese her: Program fagnettverk barnehage – tidleg innsats og språkutvikling 17.10.2023
Lokale: Auditoriumet i Stadionbygget 1.etg (vis a vis kaffibaren), HVL Campus Sogndal.
Sjå kart her: kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no)
Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.
Les gjerne meir om dette fagnettverket side 5-7 i «Programplan for System for styrka læring i Sogn 2022-2030» Programplan_2022_-_2030
Fagnettverksansvarleg: Hafslo barnehage v/Solveig Løkkebø, Luster kommune. Tlf: 416 22 595 solveig.lokkebo@luster.kommune.no
Ved spørsmål kan du kontakte Hafslo barnehage direkte eller programleiar Ingrid Steine Bortne, tlf 48 25 03 06, ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Velkommen!
