Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Fagnettverk barnehage: Medverknad, vurdering for læring og gjennomføring

8. november, kl. 09:00 - 14:30

Gratis

Velkommen til fagnettverk barnehage – Medverknad, vurdering for læring og gjennomføring!

Det er den einskilde tilsette i barnehagen som melder seg på her på denne sida, etter avtale med styraren sin. Dersom du vel å delta i fagnettverket ynskjer me at du deltek på begge samlingane i løpet av året (neste samling er 28.mars 2023) og aller helst ynskjer me at du vert med i fagnettverket dei neste to åra (totalt fire samlingar).

 

Nettverket vert arrangert i Sogndal tysdag 8.november kl 9.00-14.30 og det er maks 40 deltakarar som får plass i fagnettverket. Dersom talet vert høgare enn 40 etter påmeldingsfristen 21.september, blir det fordelt plassar slik at alle barnehagar som ynskjer det blir representert med minst 1-2 deltakarar kvar. Den einskilde barnehage vert kontakta seinast 26.september om kven som har fått plass i fagnettverket. Du kan melde inn ynskjeleg tema til fagnettverket innan 30.september til ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no

 

Program og lokale i Sogndal vert kunngjort ca 1.november på denne sida.

 

Les meir om dette fagnettverket side 5 + 8 i «Programplan for System for styrka læring i Sogn 2022-2030» Programplan_2022_-_2030

Nokre stikkord  henta frå planen:

  • kritisk tenking og refleksjon på system- og individnivå
  • innverknad på eiga opplæring for å auka motivasjon og engasjement
  • arbeide aktivt mot utanforskap
  • arbeide for å ivareta barn sine rettar og barns beste

I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og utvikling av felles innhald. Dei skal støttast i å få gje uttrykk for synspunkt og skape meining gjennom samspel, dialog, leik og utforsking slik at dei utviklar kritisk tenking, etisk vurderingsevne, evne til å yte motstand og handlingskompetanse.

 

Fagnettverksansvarleg: Arbeidsgruppa for barnehage er førebels ansvarleg for nettverket.

 

Ved spørsmål kan du kontakte programleiar Ingrid Steine Bortne, tlf 48 25 03 06, ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no

 

Velkommen!

Fagnettverk barnehage: Medverknad, vurdering for læring og gjennomføring

Detaljar:

Dato
8. november
Tid:
09:00 - 14:30
Billettpris:
Gratis

Arrangør

Sogn regionråd

Påmelde deltakarar

Kommune/organisasjonNamn
LusterAnne Iren Falkgjerdet
LusterLinda Midtun
Luster kommuneGrete Grønsberg
Luster kommuneOddny Elise Falkgjerdet
Årdal kommuneSolveig Vatne Skjerven

Påmeldte deltakarar

Grete Grønsberg Luster kommune Linda Midtun Luster Anne Iren Falkgjerdet Luster
Oddny Elise Falkgjerdet Luster kommune Solveig Vatne Skjerven Årdal kommune

Påmeldinga er avslutta