
- Denne hending er over.
Fagnettverk barnehage – kreativitet, skaparglede og entreprenørskap
23. mars, kl. 09:00 - 14:30
GratisDet er den einskilde tilsette i barnehagen som melder seg på her på denne sida, etter avtale med leiaren sin. Dei som deltok eller var påmeldt på førre samling i oktober 2022 har førsteretten dersom me overstig talet på 40 deltakarar. Det er ynskjeleg at deltakarane helst deltek på alle fire samlingar frå hausten 2022 til våren 2024.
Herv finn du programmet som pdf-fil: Program fagnettverk barnehage kreativitet, skaparglede og entreprenørskap – 23.03.2023
Stad: Stadionbygget- Auditorium i 1.etg (vis a vis kaffibaren), campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet. Sjå kart her: kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no)
Tidspunkt: Torsdag 23.mars 2023 kl 09:00- 14:30
Lunsj: Ja, inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Program for dagen:
09.00- 09.30: Velkommen og kort oppsummering frå førre nettverkssamling
09.30- 11.30: Vanskeleg å tidfeste detaljert, men økta skal innehalde fylgjande:
- Alle deltakarane i nettverket får kvar si avis til odel og eige, og me tek oss tid til å lese den
- Planlegge distribuering av avisa til dei ulike kommunane. Ingrid deler ut
- Denne økta nyttar me også til besøk frå Sogn Avis, me har føreslege at dei kan komme ca kl 10.00, men me veit ikkje
- Kaffipause når det passar
11.30- 12.30: Servering av lunsj i HVL-kantina
12.30- 13.30: Kvar går vegen vidare for vårt nettverk? Finne felles læringsmål og ambisjon, avtale mellomliggande arbeid fram til neste nettverkssamling haust 2023
13.30- 14.15: Me får prosjektleiar for Ungt Entreprenørskap i Sogn Fredrik Jarstadmarken innom, han fortel om Ungt Entreprenørskap. Me vil vidare i vår kreative prosess, og brukar inspirasjon frå UE inn i vårt arbeid
14.15- 14.30: Evaluering av dagen og avslutning
Her finn du informasjon om mellomliggande arbeid fram til 23.mars samlinga: Mal OppFram pdf og Samtykkjeskjema Opp&Fram red
Ansvarlege for samlinga:
Lillian Bruheim, Askedalen barnehage AS lillian@askedalenbarnehage.no tlf: 41 51 02 02
Camilla Njøs, Askedalen barnehage AS camilla_njos@hotmail.com
Påmeldingsfrist: Torsdag 9.mars kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet.
Vel møtt til nettverk😊
Beste helsing frå
Lillian Bruheim og Camilla Njøs Ingrid Steine Bortne
Ansvarlege for samlinga Programleiar barnehage- og skuleutvikling