
- Denne hending er over.
Fagnettverk barnehage – medverknad, vurdering for læring og gjennomføring
28/03/2023, kl. 09:00 - 14:30
GratisDet er den einskilde tilsette i barnehagen som melder seg på her på denne sida, etter avtale med leiaren sin. Dei som deltok eller var påmeldt på førre samling i oktober 2022 har førsteretten dersom me overstig talet på 40 deltakarar. Det er ynskjeleg at deltakarane helst deltek på alle fire samlingar frå hausten 2022 til våren 2024.
Program for samlinga kan du lese som pdf-fil her: Program fagnettverk barnehage – Medverknad, vurdering for læring og gjenomføring 28.03.2023
Her finn du informasjon om mellomliggande arbeid fram til 28.mars samlinga:
- Føl med på pauserommet, i garderoben eller på avdelingsmøte i barnehagen din. Kor mykje ser/høyrer du om barns medverknad?
- Finn to situasjonar på din avdeling eller i din barnehage der barns medverknad kjem til uttrykk
- Les kronikken «Ein pinne for framtida» av Hilde Alme her: Ein pinne for framtida
Tidspunkt: Tysdag 28.mars 2022 kl 09:00 – 14:30
Stad: PPT sitt møterom i 1.etg, Dalavegen 2, Sogndal
Lunsj: Ja, inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Program for dagen:
09.00: Oppmøte, kaffi og frukt. Velkommen v/arbeidsgruppa
09.15: «Medverknad i kvardagen, korleis arbeidar me med dette i Årdalstangen barnehage?» v/ Zsofia Rezi
09.45: Me tek opp tråden frå førre samling (8.11.22) og går gjennom mellomliggande arbeid:
- Føl med på pauserommet, i garderoben eller på avdelingsmøte i barnehagen din. Kor mykje ser/høyrer du om barns medverknad?
- Finn to situasjonar på din avdeling eller i din barnehage der barns medverknad kjem til uttrykk
Erfaringsdeling og refleksjon i plenum.
Pause
10.30: Barns medverknad, natur og barnesyn v/ Hilde Alme, HVL
Førebu deg: Les kronikken «Ein pinne for framtida» (vedlagt).
Ein kort runde, kven me er alle?
Presentasjon av ein artikkel om korleis barns medverknad utspelar seg i 6 naturbarnehagar når ein er ute i naturen. Både barn og personale sine stemmer kjem fram. Tema kan og knytast til opphald i natur i vanlege barnehagar, samt tema berekraft.
Refleksjon i grupper.
11.20: Lunsj 30 min
11.50: Reflektere over omgrepet barns medverknad, natur og barnesyn i eigen barnehage, med bakgrunn i presentasjonen v/ Hilde
12.10: Korleis nytte naturen i «min» barnehage for barns medverknad, eventuelt overføre denne pedagogiske tenkemåten til den ordinære barnehagedagen? Kva blir vegen vidare? v/ Hilde
Pause
13.15: Me jobbar med case om medverknad og drøftar aktuelle spørsmål
Introduksjon til Barnehageforum sitt opplegg knytt til tema medverknad – tema for neste samling i november.
14.00: Vegen vidare
Me vert einige om mellomliggande arbeid til neste samling i november.
Evaluering med QR-kode og refleksjon rundt dagen.
14.30: Slutt – vel heim
Ansvarleg for samlinga er arbeidsgruppa for fagnettverk i barnehagane:
- Gunnhild Holen, Stedje barnehage, Sogndal
- Linda Midttun, Gamlestova barnehage, Luster
- Elisabeth Øynebråten Bekkedal, Aurland barnehage, Aurland
- Anne Margrete Hatlelid, Lærdalsøyri barnehage, Lærdal
- Henning Nornes, utdanningsforbundet i Sogndal
- Ingrid Steine Bortne, programleiar «System for styrka læring», Sogn regionråd
Påmeldingsfrist: 14.mars kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet. Me har framleis ledige plassar. Dersom du vil melde deg på no etter fristen kan du ta kontakt på ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Velkommen!
Beste helsing, på vegne av arbeidsgruppa
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Sogn regionråd