
- Denne hending er over.
Fagdag psykisk helse
10/03/2022, kl. 09:30 - 14:30
Sogn regionråd arrangerer samling for fagnettverket i psykisk helse 10. mars 2022.
Tema: Folkehelse og livsmeistring som tverrfagleg tema – erfaringsutveksling og relevante perspektiv. Korleis kan og bør skulen og andre offentlege instansar hjelpa barn og unge til å meistra livet?
Målgruppe er tilsette i barnehage, grunn- og vidaregåande skule, barnevern, helsestasjon og PPT.
Påmeldingsfrist: 28. februar 2022
Pris: kr 400 pr deltakar for lunsj og pausematbuffet. Faktura blir sendt til arbeidsplassen. Sogn regionråd dekker utgifter til førelesar og møtelokale.
Stad: Quality Hotel Sogndal
Program:
09.30 Kaffi og noko attåt.
09.45 Registrering
10.00 Føredrag ved Solrun Samnøy, HVL: Intensjonar, muligheiter og fallgruver ved det tverrfaglege tema folkehelse og livsmeistring. «Du er god nok» vs. «du skulle vore annleis». Kva med miljøet rundt? Kva med dobbeltkommunikasjonen i samfunnet vi lever i?
11.15 Inndeling i grupper – erfaringsutveksling frå arbeidskvardagen. Kva har vi fått til slik vi ønskjer? Kva dilemma og utfordringar har vi møtt på?
11.30 Lunsj
12.15 Erfaringsutveksling i grupper.
13.15 Pause
13.30 Plenumsdeling av hovudpunkt frå gruppearbeid.
14.15 Vegen vidare for dette nettverket.
14.30 Vel heim!