
- Denne hending er over.
Styrarnettverk
03/03/2022, kl. 09:00 - 15:00
Sogn regionråd arrangerer samling for barnehagestyrarar 3.mars 2022.
Stad: Stedjetunet, Kyrkjevegen 6, Sogndal. Parkering ved kyrkja- sone 6911.
Tema: Praksis for vidaregåandeelevar, ny programplan: System for styrka læring 2022-2030, ny utforming av fagnettverk og kollegarettleiing.
Påmeldingsfrist: 28.02.2022.
Det vert servert pizza, gi beskjed om eventuelle allergiar. Ingen påmeldingsavgift
Program:
09.00 Kaffi og noko attåt/registrering
09.15 Mona Himle, kontaktlærar Helse- og oppvekstfag ved Sogndal vgs. kjem.
Litt om korleis skulen jobbar og om praksisfaget – styrke samarbeidet mellom praksisfeltet og den vidaregåande skulen.
Ønskje om at styrarane gjer seg nokon tankar om følgande før samlinga:
– Kva fungera med elevane frå vgs, kvifor?
– Kva fungera ikkje med elevane frå vgs, kvifor?
– Kva ynskjer de av informasjon evt andre ting frå lærarane på vgs?
– Korleis kan me som lærarar bli betre i samarbeidet med dykk?
– Organiseringa av praksis i år er: vg1 kvar måndag vg2. kvar fredag – kva tenkjer de om det? Fungera det/fungera det ikkje?
– Elles andre ting de tenkjer er viktig å få fram
10.00 Ein liten pause
10.10 Presentasjon av Programplan for System for styrka læring i Sogn 2022 – 2030
10.50 Ein liten pause
11.00 Presentasjon av ny retning for fagnettverka – workshop
Ein viktig del av prosessen er å involvere styrarane, sjå etter felles behov og ønskjer for fagnettverka. Her blir det ein workshop der me drøftar i små grupper.
11.45 Lunsj
12.30 Workshop fortsetter, og me avsluttar med ein runde på kva gruppene har fått fram i sine drøftingar.
14.00 Ein liten pause
14.10 Ymse saker – frist for å melde inn saker: tysdag 01.03.22 til anne.margrete.hatlelid@laerdal.kommune.no
14.45 Kort oppsummering og vel heim. Me avsluttar kl.15.00.