
Fagdag psykisk helse – ufrivilleg skulefråvær
9. mars, kl. 09:30 - 14:30
570KrMålgruppe: Tilsette i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, PPT, helsestasjon, barnevern, BUP og andre tverrfaglege tenester for barn og unge i Sogn
Påmeldingsfrist: 13.februar via lenkja her
Kvar: Quality Hotel Sogndal (Sogndalssalen)
Tidspunkt: Torsdag 9.mars kl 9.30-14.30. Registrering frå kl 9.00
Pris: 570 kr for dagpakke pr. person som vert fakturert kommunane i etterkant. Prisen inkluderer kurslokale, dagens 1-rettar lunsj, kaffi/te og pausemat (kake, frukt, softis og popkorn). NB! Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet i påmeldinga.
Sjå invitasjon med program som pdf-fil her: Invitasjon til fagdag psykisk helse 09.03.2023
|
||
|
Førebuing til fagdagen:
For å få best mogeleg utbytte av fagdagen ynskjer me at deltakarane førebur seg i fellestid/team eller individuelt på denne måten:
- Les denne to-siders artikkelen: Skolefravær – en felles utfordring – Fagsnakk
- Høyr podcasten frå «Utforsk» der Sara er intervjua om skulefråvær: Utforsk: Hvordan skapes en god dialog mellom skole og hjem? Ufrivillig skolefravær (23 min)
- Er det spørsmål/problemstillingar knytt til tema ufrivilleg skulefråvær du ynskjer at Sara Eline Eide inkluderer i fagdagen? Har du refleksjonar eller ein konkret case du ynskjer innspel på? Send gjerne inn spørsmål/tankar via lenkja her: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=YrhcqoW_N02hSU68akS371VvLD0SIPtGjN4RcBdTEzZUOFVSMzlDNFZBRUZYN0hYTVJOMldBSERLUy4u
Velkommen til fagdagen!
Med helsing
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Sogn Regionråd
Ingrid.Steine.Bortne@sogndal.kommune.no
Tlf 48 25 03 06
Fagnettverk i Sogn – Sogn regionråd