- Denne hending er over.
Regionalt nettverk for nyutdanna pedagogar og deira rettleiarar
18/09/2025, kl. 12:30 - 15:30
GratisStad: HVL, Sogndal campus. Rom: Idun 1 + 2 i Bragebygget. Sjå kart her: Bragebygget Idun 1, Bragebygget, Campus Sogndal – MazeMap
Tidspunkt: Torsdag 18.september 2025 kl 12.30-15.30
Lunsj: Det blir servert enkel lunsj i klasserommet kl 12.30
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Målgruppe: Nyutdanna pedagogar frå barnehage, grunnskule, vidaregåande skular og vaksenopplæring i Sogn som vart ferdig utdanna i 2024 eller 2025 + lokale rettleiarar
Me er klare for ny runde med nettverksamling, og gler oss til å høyre korleis de opplever arbeidskvardagen som nyutdanna pedagogar i Sogn etter oppstarten av nytt barnehage- og skuleår. Nokre av dykk var deltakarar i fjor, medan nokre er heilt nye i nettverket. Evalueringa frå tidlegare år har vore tydeleg på at dei nyutdanna ønska meir av grupperettleiing, deling av erfaringar og drøfting i fellesskap. Det har me difor lagt til rette for. Også i år inviterer me rettleiarar slik at dei kan få jobbe saman med andre rettleiarar i Sogn. Om du er rettleiar utan å ha nyutdanna å rettleie dette året ,er du likevel velkommen til samlinga for å bidra og få påfyll. Me kjem til å ha felles oppstart før me deler oss i grupper: barnehagelærarar, lærarar og rettleiarar kvar for seg.
Her kan du lese programmet som pdf-versjon: Invitasjon og program – regionalt nettverk for nyutdanna pedagogar og deira rettleiarar 18.09.2025
Program:
12.30- 13.00: Me et lunsj saman og minglar litt.
13.00- 13.45: Velkommen og kort informasjon om dagen v/ Ingrid Steine Bortne
Kva er rettleiing? Viktige prinsipp for rettleiing v/ Evelyn Eggum
Introduksjon til rettleiingsmodellen me skal bruke i dag v/ Dorthea Sekkingstad
13.45- 15.15: Rettleiing i grupper der me nyttar vedlagte rettleiingsmodell
- Barnehagelærarar
- Lærarar i grunnskule, vidaregåande skule og vaksenopplæring
- Rettleiarar
Gruppene legg inn ein pause i rettleiingsøkta når det høver best
15.15- 15.30: Me samlast i plenum for deling, evaluering og plan for vidare arbeid.
Førebu deg til samlinga ved å lese gjennom vedlegget «Problemrettet veiledning i gruppe» etter modell frå Handal og Lauvås som me vil bruke som mal for rettleiingsøkta denne ettermiddagen Problemretta kollegarettleiing i grupper
Målet er å bli kjend med andre nyutdanna pedagogar i Sogn, at me skaper eit fagleg og sosialt nettverk og får inspirasjon og fagleg påfyll i arbeidet som nyutdanna. Me håpar også at rettleiarane får utbytte av å treffe kvarandre og dele erfaringar frå rolla som rettleiarar, samt litt ny inspirasjon. Me håpar dette er noko du ynskjer å delta på – du er hjarteleg velkommen!
Ansvarleg for samlinga:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no mob: 48 25 03 06.
Påmeldingsfrist: Torsdag 11.septeber kl 23.00. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.
Har du framlegg til tema eller noko du vil dele på samlinga er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt!
Beste helsing frå
Evelyn Eggum og Dorthea Sekkingstad Ingrid Steine Bortne
Kontaktpersonar for tiltaket Programleiar barnehage- og skuleutvikling
«Ny som lærar på Vestlandet», HVL Sognaregionen
