- Denne hending er over.
Temadag «Ny som lærar på Vestlandet»
25. januar, kl. 09:00 - 14:30
GratisLes programmet som pdf-fil her: Program temadag 25 januar 2024
Målgruppe: Studentar som går siste året på BLU, GLU og PPU, nyutdanna pedagogar i barnehagar og skular i Sogn (som var ferdigutdanna i 2022 eller 2023), rettleiarar/mentorar ved barnehagar og skular, kommunalsjefar/rådgjevarar oppvekst. NB! Dersom me har ledige plassar etter påmeldingsfristen går ut, får også styrarar og rektorar høve til å melde seg på. Det er no opna for påmelding for denne gruppa også.
Stad: Høgskulebygget, auditoriet «Storen» i 2. etasje. Sjå kart her: kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no)
Tidspunkt: Torsdag 25.januar 2024 kl. 09.00- 14.30
Lunsj: Ja, inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga er dekka av regionale utviklingsmidlar gjennom «System for styrka læring»
Bakgrunn for temadagen: Alt kan ikkje lærast i ei grunnutdanning, enkelte sider lærer ein best når ein har starta i jobb, med hjelp av god rettleiing. HVL er ein del av Utdanningsdirektoratet sitt prosjekt «Ny som lærar på Vestlandet», og ynskjer at nyutdanna lærarar skal vera informert om mentor/rettleiingsordningar i regi av Kunnskapsdepartementet. Temadagen er eit samarbeid mellom HVL og System for styrka læring i Sogn.
Hvl.no/samarbeid/samarbeid-lararutdanning-og-kreative-fag/ny-som-larer-pa-vestlandet/
Program for dagen:
09.00 – 09.30: Velkommen og informasjon om «Ny på Vestlandet», nasjonale føringar og overgang frå utdanning til yrke v/arrangør Astrid Bakken og Ingrid Steine Bortne
09.30 – 10.00: Erfaringar og råd frå nyutdanna lærarar v/Runa Buene frå Kvåle skule og Bianca Helene Molteberg frå Dale vidaregåande skule. Eventuelle spørsmål til dei nyutdanna
10.00 – 10.15: Pause
10.15 – 10.45: Erfaringar og råd frå nyutdanna barnehagelærarar v/Hågen Før og Julie Slora Fotland frå Fosshagen utdanningsbarnehage. Eventuelle spørsmål til dei nyutdanna
10.45 – 11.15: Korleis er det å vere nyutdanna i dag? v/Helga Sie frå Luster ungdomsskule og Markus Sannebro frå Kvåle skule. Eventuelle spørsmål til dei nyutdanna
11.15 – 12.00: Lunsj (bagett/wraps)
12.00 – 12.20: Erfaringar som rettleiar v/Anne Mari Sole Sande frå Stedje barnehage
12.20 – 12.40: Rettleiing for nyutdanna tilsette ved Hafslo barne- og ungdomsskule v/rettleiar Sonja Rutledal
-korleis gjer me overgangen lettare frå studiet og ut i arbeidslivet?
-kvifor er det viktig med god mentorordning?
12.40 – 13.00: Nyutdanna pedagog i Sogndal kommune v/Frode Kristian Grøttebø, leiar Sogndalsskulen
13.00 – 13.15: Pause
13.15 – 13.45: Rettleiingsordninga i Stryn kommune v/Heidi Liadal
13.45 – 14.05: Rettleiing for nyutdanna lærarar i skule og barnehage v/Steinar Øydvin, HTV Utdanningsforbundet i Sogndal kommune/regionkontakt
14.05 – 14:30: Oppsummering, spørsmål og evaluering via QR-kode
Ansvarleg for samlinga:
Astrid Bakken, HVL Astrid.Reidun.Berglid.Bakken@hvl.no
Ingrid Steine Bortne, System for styrka læring i Sogn Ingrid.Steine.Bortne@sogndal.kommune.no Mob: 48 25 03 06
Påmeldingsfrist: 16.januar kl 23 her: https://www.fagnettverkisogn.no/hendingar/ Meld inn evt. allergiar under merknadsfeltet i påmeldinga.
Velkommen!