Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Rektornettverk og workshop om ny opplæringslov med Statsforvaltaren

11. april, kl. 09:00 - 15:00

619Kr

Inviterte: Skuleleiinga ved grunnskular, vidaregåande skular og vaksenopplæring, PPT-tilsette, kommunalleiarar og rådgjevarar for oppvekst og representantar frå Statsforvaltaren i Vestland, etter påmelding.

Kvar: Quality Hotel Sogndal, Gravensteinsgata 5.

Tidspunkt: Torsdag 11.april kl 09.00- 15.00. Registrering frå kl 8.40

Pris: 619 kr for dagpakke pr. pers som vert fakturert kommunane i etterkant. Bindande påmelding!

 

Her kan du lese invitasjon som pdf-fil: Program – workshop om ny opplæringslov 11.04.2024

 

Litt om bakgrunnen for dagen:

Ny opplæringslov trer i kraft 1. august 2024. Lova er det sentrale rettslege rammeverket for at skulen skal lykkast med det viktige samfunnsoppdraget sitt. Fellesskulen er ein del av grunnmuren i den norske velferdsstaten og legg til rette for at alle barn skal få lik tilgang til utdanning uavhengig av kvar dei bur, sosial bakgrunn, kulturell og etnisk bakgrunn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønn. Opplæringslova skal vere eit solid rammeverk som sikrar alle ei opplæring av høg kvalitet, eit trygt læringsmiljø, og medverknad i forhold som gjeld ein sjølv. Mykje av innhaldet i dagens lov blir vidareført, men lova har fått ein heilt ny struktur og nye nemningar.

I den nye opplæringslova blir retten til spesialundervisning eller individuelt tilrettelagt opplæring delt i tre rettar for eleven. Dette er fysisk tilrettelegging/tekniske hjelpemiddel, personleg assistanse og individuelt tilrettelagt opplæring. Spesialundervisning er eit av områda der kommunane sjølv har rapportert om at dagens lov har vore vanskeleg å følgje. I samlinga i Sogndal vil vi derfor gå grundig gjennom dette kapittelet, slik at alle blir godt kjent med dei nye omgrepa og kva som ligg i dei. I denne økta har vi også lagt opp til eit par «summeoppgåver» i form av påstandar undervegs for å reflektere litt rundt kva praksis ein har i kommunen, opp mot det som blir gjennomgått.

Når det gjelder elevane si rett til eit trygt og godt skulemiljø og skulen si aktivitetsplikt, så blir det kapittel 12 i den opplæringslova som regulerer dette. Altså heiter det ikkje lenger kapittel 9A når vi kjem til august. Føremålet med den nye opplæringslova å få ei oppdatert lov som er meir tilgjengeleg, tydeleg og forståeleg, samtidig som ho også er betre tilpassa det noverande og framtidige samfunnet, og kvardagen i opplæringssektoren i Noreg. Føremålet med aktivitetsplikta er å sikre at skulene handlar raskt og riktig når ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen.

I den nye opplæringslova blir lovverket om skulemiljø og aktivitetsplikta i hovudsak vidareført, med nokre språklege og strukturelle justeringar.

Evaluering viser at talet på elevsaker som blir følgd opp systematisk i skulen, har auka i etterkant av innføringa av den såkalla aktivitetsplikta. Evalueringa viser også at skulane i all hovudsak tar raskare tak i situasjonar med mistanke om at elevar ikkje har det trygt og godt på skulen enn tidlegare. Denne evalueringa som viser at lovverket i mange saker fungerer etter intensjonen, er noko av grunnen til at lovverket blir vidareført utan dei store endringane.

På samlinga i Sogndal vil vi sjå på dei små endringane som blir gjort i lovverket på dette feltet, men hovuddelen av økta om skulemiljø vil bli gjennomført i grupper. I gruppene skal de få drøfte ulike problemstillingar og spørsmål knytt til nokre delar av aktivitetsplikta, og så vil vi etterpå ha ein dialogbasert gjennomgang av desse oppgåvene i plenum.

 

Program:

08.40-09.00     Registering og kaffi/te/snacks

 

09.00-09.05     Velkommen v/ Kenth Rune Teigen Måren, leiar for Kompetanseregion Sogn (kommunalsjefnettverket for oppvekst) og Ingrid Steine Bortne, programleiar for System for styrka læring

 

09.05-11.00     Kap.11- Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging v/ Statsforvaltaren

11.00-11.30     Innleiing til kap.12 – Skulemiljøet til elevane v/ Statsforvaltaren

11.30-12.15     2-rettars lunsj

12.15-13.45     Workshop om kap 12 – Skulemiljøet til elevane v/ Statsforvaltaren

13.45-14.00     Open post. Spørsmål kan sendast inn til Ingrid på førehand eller løftast i møtet. Dei spørsmåla me ikkje får tid til kan svarast ut ved Statsforvaltaren skriftleg i etterkant

14.00-15.00     Etterarbeid i form av gruppecase. Vegen vidare og evaluering v/ kompetanseregionen. Det er viktig at alle blir med fram til kl 15.

 

Det vert lagt inn eit par småpausar etter behov.

 

Førebu deg til workshopen:

  1. Gjer deg litt kjend med den nye opplæringslova
  2. Ta med eigen pc
  3. Send inn evt. spørsmål til open post på førehand til Ingrid.Steine.Bortne@sogndal.kommune.no

 

Påmeldingsfrist: 22.mars kl 12. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet.

 

Velkommen! Me ser fram til å sjå deg!

 

 

Med helsing, på vegne av leiar av rektornettverket og Kompetanseregion Sogn

Ingrid Steine Bortne

Programleiar barnehage- og skuleutvikling

Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)

Tlf 48 25 03 06

Fagnettverk i Sogn

 

Rektornettverk og workshop om ny opplæringslov med Statsforvaltaren

Detaljar:

Dato
11. april
Tid:
09:00 - 15:00
Billettpris:
619Kr

Arrangør

System for styrka læring i Sogn
Telefon:
+4748250306
Epost:
ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no

Lokale

Quality Hotel Sogndal
Gravensteinsgata 5
Sogndal, 6856
+ Google-kart

Påmelde deltakarar

Kommune/organisasjonNamn
Aurland kommuneBjørg Henriette Gustavsen
Aurland kommuneBjørg Skahjem
Aurland kommuneEyvind Eidhammer
Aurland kommuneTerje Horvei
Flatbygdi skule, Vik kommuneAnne Mårdalen
Luster kommuneEli Hansen Moen
Luster kommuneElisabeth Alme
Luster kommuneGrete Marie Skarhaug Solvi
Luster kommuneHilde Holte Selland
Luster kommuneKnut Åge Teigen
Luster kommuneLinda Kristin Brunborg
Luster kommuneLinda Øvregard Røhme
Luster kommuneMona Bukve
Luster kommuneSvein Bjarne Steig
Lærdal kommuneCamilla Grøttebø
Lærdal kommuneMagne Klepp
Lærdal kommune/Oppvekst BorgundLinda Uglenes Maristuen
Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)Ingrid Steine Bortne
Sogndal kommuneFrank Nymark
Sogndal kommuneFrode Grøttebø
Sogndal kommuneGudrun Kjartansdottir
Sogndal kommuneHallbjørg Eidhamar
Sogndal kommuneIngunn Marie Myren
Sogndal kommuneJarle Teo Andersen
Sogndal kommuneKenth Måren
Sogndal kommuneMari Sannes Innerdal
Sogndal kommuneOdd-Eivind Holo
Sogndal kommuneRandi Midtgård
Sogndal kommuneSteinar Øydvin
Sogndal kommuneTorbjørn Ask
Sogndal kommuneTurid Rauboti
Sogndal kommuneÅse Julusmoen
Sogndal kommune/ Sogn PPTAnne Haugen Hov
Sogndal kommune/ Sogn PPTBritt Skjæret
Sogndal kommune/ Sogn PPTHege Janet Myklebust
Sogndal kommune/ Sogn PPTHenriette Kolås Moene
Sogndal kommune/ Sogn PPTHildegunnn Stadheim
Sogndal kommune/ Sogn PPTKari Alme
Sogndal kommune/ Sogn PPTLene Foss Dalaker
Sogndal kommune/ Sogn PPTMette Næss-Olesen
Sogndal kommune/ Sogn PPTSiri-Lise Nes Bøyum
Statsforvalteren i VestlandAnne Siri Nytveit
Statsforvalteren i VestlandKari Sølberg Ellingsen
Statsforvalteren i VestlandTale Øfsthus Goksøyr
Statsforvalteren i VestlandTherese Johnsen Klyve
Statsforvalteren i VestlandTone Gjul Gardsjord
Vik kommuneHilde Helleland
Vik kommuneKari Sletten Samland
Vik kommuneRobert Hovland
Årdal kommuneKurt Jevnaker
Årdal kommuneOdd Einar Fimreite
Årdal kommuneVeronika Bjørnerud
Årdal kommune, PPT Indre SognBente Olsen
Årdal kommune, PPT Indre SognIngegerd Moene
Årdal kommune, PPT Indre SognLiv Kari Kvam
Årdal kommune, PPT Indre SognVibeke Fusche Moe

Påmeldte deltakarar

Terje Horvei Aurland kommune Ingunn Marie Myren Sogndal kommune Svein Bjarne Steig Luster kommune Therese Johnsen Klyve Statsforvalteren i Vestland Tale Øfsthus Goksøyr Statsforvalteren i Vestland Steinar Øydvin Sogndal kommune Hilde Helleland Vik kommune Camilla Grøttebø Lærdal kommune Kurt Jevnaker Årdal kommune Magne Klepp Lærdal kommune Anne Mårdalen Flatbygdi skule, Vik kommune Hilde Holte Selland Luster kommune Gudrun Kjartansdottir Sogndal kommune Linda Kristin Brunborg Luster kommune Frank Nymark Sogndal kommune Elisabeth Alme Luster kommune Mona Bukve Luster kommune Eyvind Eidhammer Aurland kommune Britt Skjæret Sogndal kommune/ Sogn PPT Ingegerd Moene Årdal kommune, PPT Indre Sogn Vibeke Fusche Moe Årdal kommune, PPT Indre Sogn Odd-Eivind Holo Sogndal kommune Kari Alme Sogndal kommune/ Sogn PPT Henriette Kolås Moene Sogndal kommune/ Sogn PPT Mette Næss-Olesen Sogndal kommune/ Sogn PPT Frode Grøttebø Sogndal kommune Siri-Lise Nes Bøyum Sogndal kommune/ Sogn PPT Anne Haugen Hov Sogndal kommune/ Sogn PPT
Torbjørn Ask Sogndal kommune Grete Marie Skarhaug Solvi Luster kommune Tone Gjul Gardsjord Statsforvalteren i Vestland Kari Sølberg Ellingsen Statsforvalteren i Vestland Anne Siri Nytveit Statsforvalteren i Vestland Jarle Teo Andersen Sogndal kommune Turid Rauboti Sogndal kommune Randi Midtgård Sogndal kommune Hallbjørg Eidhamar Sogndal kommune Kari Sletten Samland Vik kommune Robert Hovland Vik kommune Linda Uglenes Maristuen Lærdal kommune/Oppvekst Borgund Mari Sannes Innerdal Sogndal kommune Odd Einar Fimreite Årdal kommune Bjørg Henriette Gustavsen Aurland kommune Linda Øvregard Røhme Luster kommune Bjørg Skahjem Aurland kommune Knut Åge Teigen Luster kommune Bente Olsen Årdal kommune, PPT Indre Sogn Liv Kari Kvam Årdal kommune, PPT Indre Sogn Veronika Bjørnerud Årdal kommune Hildegunnn Stadheim Sogndal kommune/ Sogn PPT Hege Janet Myklebust Sogndal kommune/ Sogn PPT Lene Foss Dalaker Sogndal kommune/ Sogn PPT Åse Julusmoen Sogndal kommune Kenth Måren Sogndal kommune Eli Hansen Moen Luster kommune Ingrid Steine Bortne Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)

Påmeldinga er avslutta