
- Denne hending er over.
Rektornettverk og dialogmøte mellom Sogn region og Vestland fylkeskommune
17/11/2022, kl. 09:00 - 15:30
GratisMøtedato og tid: torsdag 17. november kl 09.00-15.30
Del 1: kl 09.00- 11.30 dialogmøte grunnskule – vidaregåande skule
Del 2: kl 11.30- 12.00 lunsj servert av elevar ved restaurant- og matfag
Del 3: kl 12.00- 15.00 digital regelverksamling med Statsforvaltaren
Del 4: kl 15.00- 15.30 innmeldte saker til rektornettverket
Møtestad: Sogndal vidaregåande skule, Lunnamyri 2, 6856 Sogndal. Rommet ved sidan av kantina (til høgre når du kjem ned trappa til kantina)
Påmeldingsfrist: fredag 11.november kl 10. Viktig at de held fristen grunna bestilling av lunsj
Program:
Du kan lese programmet som pdf-fil her: Invitasjon til rektornettverk og dialogmøte Sogn region og Vestland fylkeskommune 17.11.2022
Fullføringsreforma vert truleg vedtatt i Stortinget våren 2023 og vi forventa at ho vert gjeldande frå hausten 2024. For å vere førebudd og samkøyrde på endringa vel vi å ha fullføringsreforma som tema for møtet. Vi startar med eit overordna perspektiv og med eit mål om at vi ved møteslutt har ein plan for korleis vi skal arbeide vidare med tematikken.
Tid | Kva | Kven |
0900 | Kva er fullføringsreforma sett frå Vestland fylkeskommune? | Vestland fylkeskommune ved områdeleiar Rolf Årdal og seniorrådgjevar Sissel Espe innleiar
|
0915 | Kva tenkjer kommunane og grunnskulen om fullføringsreforma? | Kommunalsjef Kenth Rune Teigen Måren, Sogndal kommune |
0930 | Barnehagen – kva koplingspunkt er der mot grunnskule og vidaregåande skule? | Programleiar barnehage- og skuleutvikling i Sogn regionråd Ingrid Steine Bortne |
0945 | Kommunedialogen – samspel grunnskulen og vidaregåande skule | Rektor Sogndal vidaregåande skule Jorunn Felde |
0950 | Kaffipause | |
1000 | Karrierelæring som metodikk | Firda vidaregåande skule |
1045 | Kafèdialog | Kva er utfordringane og innsatsområda i grunnskulen og vidaregåande skule?
– Kva er viktig for dei ulike skuleslaga? – Kva bør ein plan for fullføringsreforma vere i Sogn? o Felles strategi for arbeidet? o Intensjonsavtale for kva som skal vere satsinga i Sogn?
|
1130
|
Lunsj | |
1200 | Digitalt møte i regi av Statsforvaltaren i
Vestland
|
Undersøkingar og tiltak i skulemiljøsaker – regelverkssamling
Undersøkingar og tiltak i skulemiljøsaker – regelverkssamling.
|
1500 | Innmeldte saker til rektornettverket | Kurt går gjennom innmeldte saker til rektornettverket og lagar ein plan for neste rektornettverk. Sidan me berre har 30 minuttar til dette må me truleg ta eit utval av sakene og ta ei kort gjennomgang. Kjapp evaluering av dagen om tid.
Meld inn eventuelle saker til Kurt.Jevnaker@ardal.kommune.no innan 11.11.22 |
1530 | Vel heim |
Beste helsing frå
Kurt Jevnaker Jorunn Felde Ingrid Steine Bortne
Leiar for rektornettverket Rektor Sogndal VGS Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Sissel Espe Rolf Årdal
Seniorrådgjevar Vestland FK Områdeleiar Vestland FK