
- Denne hending er over.
Rektornettverk for grunnskule og VGS
19/05/2022, kl. 09:00 - 14:00
Sjå programmet som pdf her: Program rektornettverk 19.05.2022
Stad: Sal 2, Sogndal kulturhus
Tidspunkt: Torsdag 19.mai 2022 kl 09.00- 14.00
Program for dagen:
09.00- 09.10: Kaffi og småprat
09.10- 09.15: Introduksjon av dagen v/Kurt Jevnaker
09.15- 10.00: Styrke samarbeidet mellom praksisfeltet og den vidaregåande skulen v/Mona Himle, kontaktlærar helse- og oppvekstfag ved Sogndal vidaregåande skule. Ho vil fortelje litt om korleis skulen jobbar og om praksisfaget. Ho ynskjer at rektorane gjer seg nokre tankar om følgande før samlinga:
– Kva fungerer med elevane frå vgs, kvifor?
– Kva fungerer ikkje med elevane frå vgs, kvifor?
– Kva ynskjer de av informasjon evt. andre ting frå lærarane på vgs?
– Korleis kan me som lærarar bli betre i samarbeidet med dykk?
– Organiseringa av praksis i år er vg1 kvar måndag vg2 kvar fredag. Kva tenkjer de om det? Fungerer det/fungerer det ikkje?
– Elles andre ting de tenkjer er viktig å få fram?
10.15- 11.15: Sogn Opplæringskontor v/Anne Kauppi vil orientere om deira tilbod, m.a Lego League
11.15- 12.00: Servering av enkel lunsj
12.00- 12.45: Lærarutdanningssamling. Hilde Holte Selland og Åse Julusmoen fortel frå samlingar og deira erfaringar som praksisskule på Hafslo barne- og ungdomsskule og Leikanger ungdomsskule
12.45- 13.15: Mottak av flyktningar i skulane i Sogn, særleg knytt opp mot krigen i Ukraina. Erfaringsdeling.
13.30- 14.00: Oppsummering og vegen vidare v/ Kurt Jevnaker og Ingrid Steine Bortne
– Kort evaluering av dagen i dag
– Datofeste neste rektornettverk og ynskjelege tema
– Tankar kring årshjulet for System for styrka læring 2022/23. Innspel?
– Planleggingsdag 10.august (skule) og 4.november (barneskule, ungdomsskule, SFO)
Påmeldingsfrist er 10.mai.
Beste helsing frå
Kurt Jevnaker Ingrid Steine Bortne
Leiar for rektornettverket Programleiar barnehage- og skuleutvikling