Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Fagnettverk naturfag for 3.-10. trinn

04/05/2022, kl. 09:30 - 14:30

200kr

Sjå program som pdf her: Program regionalt nettverk naturfag 04052022

 

Tidspunkt: 09:30 – 14:30, onsdag 4. mai 2022

Stad: Hafslo barne- og ungdomsskule, naturfagrommet

Lunsj: Ja, inkludert

Deltakaravgift: 200 kr som vert fakturert i etterkant av samlinga

Bli med på Skapardag onsdag 4. mai

På skapardagen vil du erfare og få kjennskap til undervisningopplegg frå skaperskolen.no
og sjå eksempel på korleis undervisningopplegga byggjer på skaperskolens didaktiske plattform. Undervisningsopplegga høver god til Fagfornyinga og underbyggjer elevsynet om den aktive og utforskande eleven.

 

Skaperskolen er eit samarbeidsprosjekt mellom Naturfagsenteret og ti av vitensentra i landet. Målet med prosjektet er å ta skaparverkstaden inn i skulen. På skaperskolen.no finst det undervisningsressursar for lærarar innan teknologi, programmering og skaparmetodikk. Undervisningsopplegga er tverrfaglege og knytt til kompetansemål i LK20, legg vekt på praktisk skapande arbeid og bruk av ulike material, teknikkar og verktøy.

Skaperskolen sin didaktiske plattform byggjer på forskning om læring gjennom praktisk arbeid. Den består av prinsipp og verktøy som støttar læraren i gjennomføring av praktisk arbeid i klasserommet. Alle undervisningsressursane i Skaperskolen gjev praktiske døme på bruk av prinsipp, verktøy og grep frå den didaktiske plattformen.

 

Kurshaldar er Liv Oddrun Voll som arbeider ved Naturfagsenteret og er prosjektleiar for Skaperskolen. Liv Oddrun Voll har lang erfaring med utvikling av undervisningsressursar for grunnskulen i naturfag og teknologi.

 

Ansvarleg for samlinga:

Knut Åge Teigen, kommunalsjef oppvekst i Luster kommune knut.age.teigen@luster.kommune.no

 

Påmeldingsfrist: 29.april 2022  

 

Velkommen!

 

Beste helsing frå

 

Knut Åge Teigen                                                        Ingrid Steine Bortne

Ansvarleg for samlinga                                            Programleiar barnehage- og skuleutvikling

Fagnettverk naturfag for 3.-10. trinn

Detaljar:

Dato
04/05/2022
Tid:
09:30 - 14:30
Billettpris:
200kr

Arrangør

Sogn regionråd

Lokale

Hafslo barne- og ungdomsskule
Tangvegen 7
Hafslo, 6869 Norway
+ Google-kart

Påmelde deltakarar

Kommune/organisasjonNamn
LusterElin Hilleren
LusterGunn Vigdal
LusterLeif Kvamme Lysne
LusterMonica Sognnes
Luster KommuneChristina Fuhr
Luster kommuneAnette Skarsbø Nes
Luster kommuneHåvard Vinda
Luster kommuneRagnhild E. Talle
Luster kommuneRandi Gjeitnes
Luster kommuneStian Kvalsøren
Solvorn OppvekstsenterIngrid Ruud
Årdal kommuneKristina Berg
Årdal kommuneMay-Ruth Walaker
Årdal kommuneTatjana Hestethun
Årdal kommuneØrjan Ylvisåker

Påmeldte deltakarar

Leif Kvamme Lysne Luster May-Ruth Walaker Årdal kommune Anette Skarsbø Nes Luster kommune Ørjan Ylvisåker Årdal kommune Monica Sognnes Luster Stian Kvalsøren Luster kommune Ingrid Ruud Solvorn Oppvekstsenter Gunn Vigdal Luster
Tatjana Hestethun Årdal kommune Ragnhild E. Talle Luster kommune Kristina Berg Årdal kommune Elin Hilleren Luster Håvard Vinda Luster kommune Christina Fuhr Luster Kommune Randi Gjeitnes Luster kommune

Påmeldinga er avslutta